Vil gjera ungdomskortet betre

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik skal ungdoms- kortet bli betre

Slik ungdomskortordninga på kollektivtransport fungerer i dag, må kortet fornyast i starten av kvar månad. I Hordaland har ein gått over til at kortet gjeld frå den dagen ein kjøper det. Og ei slik ordning ynskjer AUF også i Sogn og Fjordane, kjem det fram i ei pressemelding.

Unngår lange køar
I tillegg til at ein unngår kødanning på busstrappa i starten av kvar månad, vil dette også gjera kortet meir fleksibelt, meiner ungdomspartiet.

LES OGSÅ: Buss dyrast i Sør-Trøndelag

– Det aller viktigaste er at det då vil kunne løna seg å kjøpa kortet sjølv om du skulle finna på å kjøpa ungdomskort litt ut i månaden. Om du til dømes frå den 15. januar til 10. februar skal bruka mykje buss, så slepp du å kjøpa to kort, seier Torbjørn Vereide, leiar for fylkesstyret i AUF.

Over fylkesgrensene
AUF vil også jobba for at busskorta skal gjelda på tvers av fylkesgrensene, noko dei trur kan føra til at studentar reiser oftare heim att til fylket.

– Om ein gjennom dette får større moglegheit til å reisa litt tilbake til fylket i studenttida, bevara nettverket av vener, familie og potensielle arbeidsplassar, så kan det henda at fleire vel å koma tilbake etter avslutta studietid, trur Vereide.

AUF meiner også at det er viktig å sørgja for at prisen ikkje aukar på ungdomskoret og å jobba for at kollektivtransporten i større grad nyttar miljøvenleg drivstoff i framtida.

– Transporttilbodet for ungdom her i fylket skal ikkje vera ein mangel, men ein moglegheit, seier Vereide.

LES SAKA I SOGN AVIS!