Fyllekøyring tek liv. «Heim for ein femtilapp» er eit kjærkome mottiltak.

 

Birgitte Risnes, Sunnhordland.no
Birgitte Risnes, Sunnhordland.no

 Dagens ungdom har mange val som må takast, og blant desse er det eitt val som er livsviktig. Eit val som få ungdommar forstår alvoret i. Fyllekøyring er noko som blir sett sterkt fokus på, og no har det endeleg komme eit tilbod som har større betydning enn dei fleste av oss forstår.

«Heim for ein femti-lapp» er eit tiltak som skal redusera ulukker blant ungdom, og redusera fyllekøyringa som har blitt ein trend blant ungdom. Tiltaket går ut på at ungdom kan komma seg til og frå byen for ein femtilapp, slik at dei slepp å køyra heim rusa, eller sitja i ein bil der sjåføren er rusa. Sogn og Fjordane hadde ei prøveordning eitt år og tiltaket viste seg å vera vellykka.

I gong i Hordaland
Silje Vatna er leiar i Senterungdommen i Fitjar og Stord, og brenn for saka.   – Etter kvart fekk også Hordaland sett dette i verk, og fekk Skyss til å laga ei ordning. Dette systemet fungerer slik at du går inn på Skyss sine heimesider og bestiller før du dreg ut på byen. Der det ikkje går bussar, kan du bestilla taxi. I Hordaland kostar dette 70 kroner. Det som er viktig å hugsa er at det er ikkje alle plassar det går buss heller, så då er det berre til å bestilla taxi. Denne bestillinga kan du gjera inne på Skyss sine heimesider, seier Vatna.

Alvoret
– Det er mange i Hordaland fylke som ikkje er klar over tiltaket, og me håpar å få dette fram. Dette er ei veldig viktig sak for oss i Stord og Fitjar senterungdom. Det er sånne ting me bryr oss om, og det er ei sak som det er viktig at ungdommar tenkjer på, seier Vatna.

Verdt å veta om
– Eg visste ikkje at dette tilbodet faktisk fanst. Eg trur det kjem til å bli mange som nyttar seg av det, bare alle er klar over det. Dette alternativet er jo kjempebra! Fyllekøyring er fæle greier, noko som ikkje burde skje i det heile tatt, seier Iselin Utne Augdal.

Uakseptabelt
John Arthur Kleveland jobbar på Cafe Delis på Leirvik. Han seier at han ikkje har høyrt om dette tilbodet i det heile tatt. Og hans syns dette tilbodet er eit verdifull tilbod, som burde få meir merksemd.

– Kvifor kan me ikkje hengja opp plakatar på alle bussplassar og alle pubar? Eg trur det kjem til og bli ein god blest over det når alle får høyra om det. Og folk kjem til og ta imot tilbodet i staden for å bruka bilnøklane. Fyllekjøring er jo uakseptabelt, seier Kleveland.

LES SAK PÅ SUNNHORDLAND.NO!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.28

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE