Bles ein marsj for skulekorpsa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bles ein marsj for skule- korpsa

Dei fleste ser for seg at korps spelar kun vanlege marsjar og nasjonalsongen. Svein Eldøy Sandvold (13), Ingrid Overweg (15) og Johannes Teetzmann (11) speler i Stord skulekorps. Dei er heilt ueinige i dette.

– Å spela i korps er kjempegøy!, legg Johannes Teetzmann til, og smiler breiddt. Svein Eldøy Sandvold tykkjer det er morosamt med alle konkurransane og å få nye vener. Alle tre er einige om at alle saman i korpset er gode vener og har det veldig gøy saman.

– Alle er kjekke med kvarandre og det er eit veldig bra miljø, seier Ingrid Overweg, som har spelt i korpset sidan ho gjekk i 3. klasse. – Me spelar omtrent alt mulig. Filmmusikk, og vanlege songar, og ikkje berre kjedelege songar, fortsetter Overweg.
 
Størst
Stord skulekorps er det største korpset på Stord, og består av både Hystad og Leirvik skule. Korpset har omtrent 35 medlemmar i alderen 11 til 18 år i hovudkorpset og 9 medlemmar i juniorkorpset for dei som er 8-11 år.

Dei har om lag to konkurransar i året og reiser på borteseminar kvar haust. Denne hausten var dei på seminar i Sagvåg. Dei spelar også konsertar, som til dømes julekonsert og vårkonsert, og deltar på diverse arrangement.

– Av og til så går me og bowlar, seier Sandvold. Denne gjengen har det i alle fall morosamt, og finn på mykje kjekt!

Stord skulekorps er også veldig takknemlege for det lokale næringslivet som sponsar dei med diverse ting, som til dømes uniformer, instrument osb. Sist år kjøpte dei instrument for heile 200 000 kr, og er difor avhengig av at næringslivet støttar dei.
 
Treng fleire medlemmar
Etter vidaregåande har korpsmedlemmane mogelegheit til å byrje i anten Stord Musikk-lag eller Sagvåg Musikklag. Det er òg mogelegheit for at folk over 16 år, kan byrje i Stord eller Sagvåg Musikklag. Men etter vidaregåande er medlemmane for gamle til å spele i skulekorps.

– Dei fleste av medlemmane våre byrjar å bli litt for gamle til å spele i hovudkorpset, og må snart slutte, seier Sandvold. Stord skulekorps treng difor nye medlemmar i korpset sitt.

– Kven som helst kan byrja, sjølv om du er 13-14 år er det ikkje for seint. Då lærer du bare fortare, seier Overweg.Teetzman legg til at han tykkjar Stord Skulekorps er verdens beste korps. Han har spelt i korpset i 1 år, og stortrives. Dei manglar medlemmar på kvart instrument, men har spesielt behov for ein ny trommeslager.

Ungdom i korps
Dei fleste begynner å spele når dei er små. Kva er det som gjer at dei fortsett med det, sjølv om dei blir ungdomar?

Torstein Overweg (17) har spelt i korps sidan han var 9 år, og spelar i dag både i Stord Skulekorps og i Sagvåg Musikklag. Han tykkjer det er heilt greitt å være ungdom å spele i korps.

– Eg tykkjer det er kjekt, det er mange andre ungdomar som spelar og ein møter andre med same interesser, seier han.

Overweg tykkjer òg han har fått mykje erfaring av å spele i korps.

– Ein blir veldig scenevant og får mykje kunnskap om korleis du driv ein organisasjon, arbeide saman med andre, og ein blir vant til å arbeide under press.
 

LES SAKA I SUNNHORDLAND!