Dette gjer ein sosialantropolog

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Namn: Kjetil Tronvoll
Alder: 43 år
Yrke: Sosialantropolog
Arbeidsplass: Norsk senter for menneskerettar ved Universitetet i Oslo og International law and policy group.

Kvifor valde du dette yrket?

– Sosialantropologi var eit samanfall av fleire interesser for meg. Eg ville ut i verda for å gjere feltarbeid i tillegg til at eg er svært politisk engasjert. Eg hadde interesse for fleire felt innan sosialantropologien i tillegg til Afrika og andre eksotiske stadar.

Kva arbeidsoppgåver består yrkeskvardagen din av?

– Mykje av tida går med til forskingsarbeid. Arbeidet mitt er på ein måte tredelt. Eg er mykje ute på feltarbeid, og når eg er heime brukar eg mykje av tida på å skrive. I tillegg går ein del tid med til møteverksemd og påverknadsarbeid opp mot til dømes FN.

Kva utdanning og/eller kvalifikasjonar er naudsynt?

– Eg har ei bachelorgrad i antropologi med sosiologi og geografi i tillegg til ei magistergrad i sosialantropologi frå UiO. Så tok eg doktorgrada i politisk antropologi i London. I dag må ein vel ha ei mastergrad i sosialantropologi, men for å få jobbe som sosialantropolog med til dømes forsking må ein nok ha ei doktorgrad.

Kva er det beste med yrket ditt?

– At eg får vere mykje ute på reiser og gjere forsking på bakkenivå i svært spennande og interessante område. Eg slepp å bruke all tida mi inne på eit kontor, og får bruke kunnskapar på ulike måtar. I tillegg får eg konsentrere arbeidet mitt inn mot dei som tek viktige avgjersle.

Kva mislikar du mest med yrket ditt?

– All reisinga fører til at eg må vere mykje vekke frå familien min. I tillegg er universitetsbyråkratiet ei bakside.

Kva andre arbeidsområde/mogligheiter fins innanfor ditt yrke?

– Ein kan jobbe innan universitets- og forskingsmiljøet, men då må ein stort sett ha ei doktorgrad. Det er ein liten del av sosialantropologane som får jobbe på den måten. Sidan sosialantropologi er allmennkunnskap, kan ein jobbe innan uendeleg mange fagfelt. Det kjem veldig an på kva spesialisering ein har. Ein kan jobbe i bistandsorganisasjonar eller i kommunal og offentleg sektor.

Kva kan man forvente i løn i dette yrket?

– Det spenner frå veldig lite til veldig mykje alt etter kvar ein jobbar. Som sosialantropolog får ein løn etter stillinga ein har, ikkje utdanninga.

Korleis ser du sjansane for å få jobb innan dette yrket?

– Som sosialantropolog er arbeidsmarknaden avgrensa. Samstundes kan ein få mange ulike jobbar som generalist fordi ein har kunnskap mange har bruk for. Ein kan også jobbe spesialisert innan eit eige felt.