No er det nok. Igjen.

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

No veit vi naturligvis ikkje kva som har skjedd. Vi veit ikkje kor mykje norske styresmakter har visst om den hemmelige overvakinga, eller om dei har visst noko i det heile tatt. Framleis er det påstand mot påstand. Men uansett kva som viser seg å vere sant, så er det ingen tvil om at vi her snakkar om ein overvakingsskandale. Og som i alle slike skandalar, så er det vanlige menneske det går utover. Det er vi som er ofra. Medan vi ventar på at alle andre fakta skal komme på bordet, så er dette udiskutabelt: Slike saker er overgrep mot vanlige menneske. Det verste med slike saker er konsekvensane dei får for vanlige nordmenns kvardag.

Og det er derfor eg vil seie, både til amerikanarane og til dei norske eks-politifolka som skal ha drive med overvaking:

ER DE IKKJE KLAR OVER KOR INDERLIG LEI VI ER AV OVERVAKINGSSKANDALAR!?!

Lei. Lei. Lei.

Det er jo nesten ikkje anna i dette landet. Ofte kjennenst det som om norske nyheiter er ei einaste lang overvakingsskandale.

Vi vil ikkje meir no. Det er oss det går utover. Vanlige nordmenn som må lese og høyre om dette heile tida.

Nok no. La oss sleppe.

Kvar gong ting er i ferd med å normaliserer seg, og vi trur at no kan vi kose oss med artige nyheiter om svenskekongen og sex på tv, eller skikkelige nyheiter om verden, så kan du vere brennsikker på at det kjem ein ny overvakingsskandale og øydelegg alt. Og du kan vere brennsikker på at denne skandalen vil vare lenge. Slike skandalar varer alltid altfor lenge. Journalistar elskar nemlig slike saker. For journalistar som ikkje klarer å skrive krimromanar, så er dette det nærmaste dei kjem sjølve livet.

Det er derfor eg spør overvakarane: Er de klar over kva de utsett vanlige menneske for når de driv med slikt?

I lange periodar er det umulig for oss vanlige menneske å lese ei avis eller slå på ein tv utan å få sjå filming i mørke, toppleilegheiter med lys i regn og mørke, direkterapporterande journalistar i mørke. Og Harald Stanghelle. Det tenker dei heller ikkje på, overvakarane, kor mykje Harald Stanghelle vi vanlige menneske må bli utsette for på grunn av ugjerningane deira. Ein eller annan gong blei det vedtatt på eit allmøte for journalistar at kvar gong ordet «overvaking» blir nemnt, så skal Aftenposten-redaktør Harald Stanghelle få uttale seg. Uavhengig av om han har noko å seie. På tv skal han. Og radio. Og nett. Vanligvis er det slik at journalistar er opptatte av breidde i kildetilfanget, noko som betyr at dei som regel intervjuar to kollegaer som dei kjenner godt, ikkje berre ein. Ikkje slik i overvakingsskandalar.

Og det er ikkje det einaste vi må halde ut med, vi vanlige menneske. Vi må også halde ut med storkjefta opposisjonspolitikarar som sår tvil og påstår at dei ville gjort dette heilt annleis dersom det var dei som var justisministrar. Dei ville fotfølgt alle som slutta i det norske politiet for å sjekke kva dei eigentlig dreiv med. Dette må vi halde ut med. Og forskarar som seier at dei ikkje er overraska. Og meir Harald Stanghelle. Og meir mørke. Og regn. Mykje meir mørke og regn. Og gransking og redegjering. Og så heile greia ein gong til.

Alt dette må vi vanlige borgarar finne oss i, og leve med, berre fordi nokre gamle menn skal få leike spionar.

Og kva er det dei har sett, desse overvakarane? På ein vanlig dag, sannsynligvis noko slikt som dette:

Klokka 20.34: Ein journalistar var bortom ambassaden og spurde om det er noko hemmelig overvaking på gang.

Klokka 20.35: Eit par journalistar luska omkring.

Klokka 21.13: Ein journalist til var bortom ambassaden og spurde om det er noko hemmelig overvaking på gang.

Klokka 21.44: Harald Stanghelle observert med eit stort skilt med teksten: «Ver så snill, overvak! Eg har ikkje vore på tv sidan Treholt-saka.»

Klokka 22.21: Regn og mørkt. Mykje journalistar ute.

 

Denne artikkelen stod først på trykk i Dagsavisen 6. november.