Takke seg til godt sjølvbilete

Framtida
Publisert
Oppdatert 22.09.2017 13:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På vidaregåande skule er ein vaksen nok til å gjere noko med problemet. Fyrste steg er å seie takk kvar gong ein får ros. Dette meiner Silje Hindar (18) frå Trondheim.

På jakt etter det vakre
Silje sit ved bordet på kjøkenet heime på Ranheim i Trondheim. Ho har nett kome heim etter ein lang skuledag.

– Kva tydar ordet vakkert?

Silje støttar hovudet i hendene. Ho ler med seg sjølv.

– Det er ikkje så lett å seie. Alle har jo ulik smak. Eg synest det vakraste er det som er unikt. Og det blir endå finare viss ein er nøgd med seg sjølv. Då blir ein vakker både inni og utanpå.

Attenåringen snakkar roleg og mjukt. Dei brune auga har eit fast blikk.

Glad på andre sine vegne
– Å sjå det vakre i andre er ikkje nok. Dei treng å få høyre det. Men folk flest gjev altfor lite ros. Vi klarar ikkje å gle oss over andre sine gode eigenskapar.

– Korleis kan ein vere glad for at andre er fine?

– Då må ein fyrst tru at ein ser bra ut sjølv. Elles blir ein misunneleg. Dei fleste mislikar visse ting med sin eigen kropp. Men det går an å vere meir oppteken av det ein set pris på. Og godta at ein ikkje er perfekt.

Silje vedgår at eit positivt miljø er til stor hjelp. Ikkje alle har dette. Då er det vanskelegare å ha eit godt sjølvbilete. Men ho trur at dei fleste får ros av og til:

– Og då gjeld det å takke.

Takke og tenke
– Kvifor er det så viktig å seie takk?

Silje har tatt ut hårstrikken. Ho kjemmer det raudlege håret sitt sakte med fingrane.

– Når ein takkar for noko, vil ein til slutt tru på det. Eg har til dømes ofte fått høyre at eg passar raudt hår. Etter kvart har eg byrja å ta imot det. No har eg blitt glad i hårfargen min.

Trønderen legg til at det ikkje er enkelt å takke.

– Kvifor er det vrient?

– Det er liksom ikkje godteke å vere nøgd med den ein er. Iallfall ikkje for jenter. Som om ein dermed var veldig oppteken av seg sjølv.

Silje leikar med ein hårlokk. Ho ser tankefull ut.

– På vidaregåande burde vi stille fleire spørsmål ved samfunnet. Viss vi ikkje er gjennomtenkte, blir vi lett styrte av andre. Kvar jente kan faktisk velje kva ho skal tenke om seg sjølv. Og kva som er vakkert for henne.