Glade for eige ungdomshus

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Får me vita det no?

Ungdomane som hadde benka seg i IOGT-huset onsdag kveld var spente på kva som skjer med ungdomshuset deira. Kultursjef Gunnhild Utkvitne og leiar av utval for miljø og kultur, Rigmor Skeie Petersen (SV) tok ordet og sleppte nyhenda.

– Kommunen kjøper ikkje IOGT-huset. Men, de får eit nytt hus, sa dei til spontan applaus frå dei frammøtte.

Skuffa først, glad etterpå
– Me vart veldig skuffa då dei sa det ikkje vart kjøp, men no er me glade, seier styret for Ungdomshuset Voss. Barnehagen på tinghusplassen vert frå nyttår eit permanent ungdomshus.

– Dette er kjempebra. Her kan me få gjera det me vil, og det er mogleg å få til masse inne her, seier Stig-Robert Tyssebotn, som har rolla som kasserar for ungdomshuset.

Betre enn i dag
Leik Raknes Finne seier han først vart litt skuffa fordi det nye huset er mindre enn dagens ungdomshus.

– Men då me kom inn såg me at det er mykje større enn det ser ut for, seier han.

– I IOGT-huset går alt i eitt, både biljard, speling og film. Her kan me dela oss litt, og det er bra, seier Emily Sekkingstad.

Vil setja preg
– Kva tykkjer de om at ungdomen no får eit eige hus på Vangen?

– Det er veldig fint. Der me er i dag kan me ikkje gjera noko anna enn å hengja opp plakatar. Her kan me få det akkurat slik me vil, seier ungdomane.

Endeleg i mål
Med på møtet var også ungdomskoordinator Ole Johnny Opkvitne og utekontakt Terje Rogne. Sistnemnde har venta på dette i mange år.

– Eg har jobba i utekontakten på Voss i 15 år, og eit ungdomshus har vore tema i alle desse åra. Så eg er veldig glad for at dette no har kome på plass, seier han.

Ole Johnny Opkvitne seier drifta går som vanleg ved ungdomshuset i IOGT-huset fram til det nye huset vert klart.

– Det vert quizkveld fredag, og me håpar ungdomane melder seg på slik at me veit kor mange som kjem. Rockekvelden 3. desember går også som planlagd, seeir Opkvitne.

LES SAKA PÅ AVISA-HORDALAND.NO!