Frå prest til dj og elektrikar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stian blei DJ fordi det innebar at han fekk halde på med det han likar best. Men han har ikkje alltid høyrt på nymotens pop- og discomusikk. Då han var liten var han svært inspirert av den typiske 90-talsmusikken og heavy metal.

– Det var ikkje før eg var i militæret eg oppdaga at å vere DJ var mitt kall. Då jobba eg med eit program som heiter VirtualDJ, seier Stian Madsgård.
 
Suksesskveld
Han fekk økonomisk støtte i frå far, Åge Madsgård, som hjelpte han med utstyr. Fyrste spelejobben hans var i september 2009, der hjelp i frå venner spelte ein viktig rolle.

– Eit av mine beste DJ-minne var då eg spela i svingen på Fugl Fønix etter at Madcon hadde konsert på Etnemarknaden. Dette var ein suksesskveld, seier Stian.

22-åringen har ikkje alltid villa halde på med musikk. Då han var tenåring gjekk det mykje i elektronikk, og som barn ville han bli prest.
 
Travelt
Artistnamnet hans er Dj Stisema, dette er ei forkorting av namnet hans, Stian Selland Madsgård. Det går mykje tid til å vere DJ, spesielt i helgene og på laurdagar. Han seier det blir mykje planlegging med tanke på at han må driva musikksøk, ta i mot ynskje og sette opp ei «set-liste». Musikk har fått ein heilt annan betyding for Stian etter at han blei DJ.

Han jobbar kvar laurdag og har blitt booka av forskjellige firma i Haugesund og Stavanger, så det blir ei travel tid mot nyttår. DJ er eigentlig ei lønnsam yrke sidan Stian kan tene 1.500 – 2.000 kroner per spelejobb for venner, og når han blir booka av firma tener han rundt 5.000 – 6.000 kr per spelejobb.

– Den første skikkelege spelejobben eg hadde for over hundre personar, var på Røldalsgarasjen i Røldal, på nyttårsaften 2009. Det var veldig morosamt. Sidan har eg hatt veldig mange spelejobbar, alt frå nattklubbar i Haugesund, Stavanger og Drammen, med opptil 100 – 400 personar. Det er ein veldig spesiell følelse å vera DJ, spesielt når musikken du spelar treff folk midt i hjarta, og det tar helt av. Ikkje få gongar eg har fått frysningar på ryggen, seier han.

Stian Madsgård var nyleg i Oslo på Movida Corona Norway, kor DJ’ar frå heile landet samla seg og konkurrerte mot kvarandre. Stian kom til semifinalen saman med resten av DJ-eliten i Noreg. No ser han fram til å prøve på nytt neste år. Det er svært imponerande at elektrikaren frå Etne kom så langt i konkurransen, etter å ha vore aktiv som DJ i berre eitt år.
 
Nytt lokale
Stian spelar no på eit lokale i Etne, kalla Club Fønix. Det er ein stad der folk kan møtast og høyre på musikk, som på ein nattklubb. Det kjem til å komme mykje temafestar i framtida, som skal treffe alle folk med ulik smak.
Club Fønix er nyleg oppussa og dei er kjempenøgde med korleis lokalet har utvikla seg. Det er Fugl Fønix Hotel som eig lokalet, og står for finansieringa av dette prosjektet.

– Det har endå forbetringspotensial, og det kjem me til å sjå på etter me har fått køyrt dette og fått tilbakemeldingar om korleis ting går. Det er endå mykje som skal gjerast, men det er ting som vil bli gjort gradvis slik at det er ein liten forandring for kvar gong, seier han.

Club Fønix skal snart ha ungdomsdisco og forventningane er store. Det ser ut til at det er mange som kjem, og det er Stian godt nøgd med. Club Fønix skal ikkje berre vera for dei over 18 år, så dei skal ha ungdomsdisco 11. november for dei mellom 13 og 18 år.

LES SAKA I GRANNAR!