Nok er nok – fjern pelssubsidiane!

Anders Linga
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det kan virka som om partiet mitt no er det einaste partiet som offentleg støttar pelsdyrnæringa. Eg innser at eg personleg ikkje er heilt komfortabel med akkurat det. Bileta som har vorte offentleggjort i det siste gjer like stort inntrykk på meg som på mange andre, og ein slik behandling av dyr kan aldri forsvarast. Sjølv om eg trur desse bileta gjeld eit mindretal av oppdrettarane, meiner eg at når næringa viser såpass liten evne til å luka ut dei useriøse aktørane er det på tide å fjerne subsidiane regjeringa gjev.

Den norske regjeringa brukar om lag 50 millionar kroner på rundt 300 pelsdyrfarmar kvart år. Eit av dei viktigaste argumenta for dette er at pelsdyrnæringa er ei viktig tilleggsnæring i mange distriktskommunar. Til samanlikning er det rundt 11 000 mjølkeprodusentar i Noreg. Det kan difor diskuterast kor viktig pelsdyroppdrett eigentleg er som næring, og eg ser difor ikkje det som eit godt argument for å oppretthalda dei norske pelsdyrsubsidiane.

Sjølv om eg ikkje er for norsk pelsdyroppdrett, må likevel det vera lov å sjå ting i perspektiv. Mange har som hovudargument at det er mishandling å halda dyr i bur. Eg ser det argumentet, men bør ikkje det same då også gjelde for andre typar husdyrhald? Ein mink er ikkje bygd for å bu i eit bur, men det er ikkje ein hamster eller ei papegøye heller. Eg må innrømma at eg aldri har sett nyhendereportasjar om dyrevernarar som bryt seg inn i bustadhus for å sleppa papegøyene fri frå burets tyranni, sjølv om også dei i utgangspunktet bør leva ute i naturen. Er det eigentleg så mykje betre å ha dyr i bur fordi du vil ha selskap enn å ha dyr i bur fordi du vil ha pels?