Sikrar drifta av Store Norske

31,5 millionar kroner over tre år er løyvt til nettleksikonet.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sparebankstiftelsen DNB Nor, Fritt Ord og Norsk faglitterær forfattar- og oversetterforening står bak tildelinga. Nasjonalbiblioteket skal drifte løysinga og universiteta skal delta i å koordinere arbeidet med å skape nytt innhald. Målet med det norske nettleksikonet er å lage ein ny digital kunnskapsbase på nett – gratis for heile folkesetnaden i Noreg.

− Det er viktig at Noreg har eit kvalitetsleksikon der brukarane kan stole på at den kunnskapen som blir formidla er av høg kvalitet og skriven av dugelege fagfolk, seier generalsekretær Trond Andreassen, nyvalt styreleiar for nettleksikonet.

− Eit kvalitetsleksikon som er lett tilgjengeleg vil vere eit godt tilbod til heile det norske folket, men særleg vil det bli eit viktig tilskott til alle som er under utdanning, seier Andreassen i ein pressemelding.

LES OGSÅ: Milepæl for nynorsk Wikipedia

Nettleksikonet skal bli unikt i slaget sitt – det blir langt større enn eit vanleg nettleksikon ved at det blir kopla opp mot databasane til Nasjonalbiblioteket.

− Leksikonet må utviklast og blir oppdatert kvar dag. Dette er eit stort løft og det ligg mykje arbeid føre oss, held  Andreassen fram.

Store norske leksikon ønskjer no å tilby ein mellomting mellom det hyppig oppdaterte nettleksikonet Wikipedia og fagvurderte artiklar utan den same oppdateringa. Dei ønskjer å sameina det beste med to typer innhald: artiklar som er kvalitetssikra av fagansvarlege og brukarartiklar.

 

Har du tru på Store Norske Leksikon på nettet?