A-lista i England
Tone Damli Aaberge er i godt selskap som einaste nykomar på vekas A-liste til BBC Radio 2 i England.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
BBC Radio2 offentleggjorde sist laurdag si nye A-liste for veke 44. Der er Tone Damli, som er nammet ho nyttar i samband med den internasjonale lanseringa, einaste nykomar med Butterflies.
Dei andre på Radio2 si A-liste denne veka er ikkje nett nykomarar: Bon Jovi med What Do You Got, Bruce Springsteen med Save My Love, Elton John & Leon Russel med If It Wasn't For Bad, James Blunt med Stay The Night for å nemna nokre.
Og for å nemna det, på B-lista finn me nykomarar som Duffy med Well Well Well og Johs Groban med Hidden Away medan namn som Robert Plant og Neil Diamond er inne for andre veke på rad, på B-lista. Og på C-lista ser me Elvis Costello…
The Playlist Committee, er sett saman av ulike produserar og leia av sjefen for Music Radio 2, Jeff Smith, kjem saman kvar veke for å bestemma kva nye utgjevinhar som skal leggjast til på dei ulike spelelistene. A-liste plassering betyr rundt 20 avspelingar i veka, B betyr 10, medan C betyr fem i veka. Det er såleis all mogeleg grunn til å rekna med at engelskmennene får butterflies i løpet av denne veka.