Eit liv med eventyrlege strekar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mange lange arbeidsdagar med tussar, troll og Smørbukk er gjennomført på Vatnar i Vrådal. Eit smilane andlet ynskjer velkomen inn i heimen. 92 år gamle Solveig Muren Sanden, teikneseriedronninga eller mor-Smørbukk fortel gjerne om korleis livet med streken har vore.

– Hadde eg hatt valet om att i dag, hadde eg nok satsa den same yrkesvegen. Illustratørarbeidet har vore eit flott yrke, smiler ho.

Heile livet
Solveig voks opp i Vrådal saman med foreldre og fem sysken.

– Me var svært glade i å teikne alle saman, og sat ofte rundt kjøkkenbordet under parafinlampa. Me laga konkurransar om å teikne ulike ting, så teikning har fylgd meg heile livet. Sjå her, dette er ei gamal teiknebok. Denne teikna eg då eg var fem år. Det er ei heilt vanleg barneteikning, som barneteikningar flest tenker eg. Men det er då moro å spare på ho, smiler Solveig.

Ho trur fleire av syskena hadde talent med blyanten, men dei gav seg. Solveig heldt fram.

Stol med feil bein
Solveig fortel at mor hennar var flink til å kome med råd når ho ikkje fekk teikningane slik ho ville.

– Ein episode eg hugsar godt var då eg skulle teikne ein stol. Eg fekk det ikkje til, beina sprika utover. Eg var sikkert 4-5 år den gongen, seier ho.

Det er nok ingen tvil om at Solveig hadde eit stort talent alt som veldig ung. Streken frå barneteikningane kjenner ein att. Særleg det gode blide andletet på teikninga. Det skildrar Solveig og arbeida hennar. Ein god, varm og snill strek.

Eventyrkongen
Teiknearbeid som gjorde inntrykk i barndomen var biletbøkene Louis Moe hadde illustrert.

– Eg såg på han som eventyrkongen. Og det blei veldig levande då eg oppdaga andletet bak illustrasjonane eg hadde sett i bøkene gong på gong. Louis Moe hadde hytte i Vrådal, og då eg budde på Straumsnes gjekk han ofte forbi bort på slusa. Ein dag kom han innom oss. Han var ein svært kjent person i bygda, så dette var stort, minnest ho.

Då Solveig var 12-13 år minnest ho eit spesielt møte med kunstnaren.

– Far fylgde meg opp til Moe på Juvlandsæter, eg hadde med teikningar som han såg på og eg fekk veldig god kritikk. Dette var veldig spesielt, for det var ikkje lett å få audiens hos han. Han hadde skilt nede ved vegen om at uvedkomande ikkje hadde tilgang, seier ho.

Møte med Moe var stort for Solveig.

– Eg fekk teikningar av han, og eg blei godt kjent med han på ein måte, smiler ho.

I seinare tid har Solveig klart å skaffe tilbake nokre av dei gamle biletbøkene som ho hadde som barn. Gode barndomsminne.

– Biletbøkene som Louis Moe hadde illustrert var unike for oss, me sleit dei faktisk heilt ut. Det var gledeleg at eg fekk tak i eit eksemplar av den eldste biletboka me hadde då eg kom i kontakt med ein samlar, seier Solveig

Ho trur at Louis Moes strek har påverka henne på eit vis.

– Men det har nok skjedd heilt ubevisst, dette gjeld nok Kittelsen også, trur kunstnaren.

Galleri Samvirke

Solveig rosar Vrådal målarklubb for arbeidet dei har gjort for å få på plass eit galleri i det tidlegare samvirkelaget i bygda.

– Dei er så flinke i klubben, rosar ho.

I sommar arrangerte målarklubben ei retrospektiv utstilling med arbeid frå Solveig. Her var bileta som Kviteseid kommune fekk i gåve representert saman med nokre bilete som tidlegare ikkje har blitt stilt ut.

Målarklubben har nå sett av ein vegg i galleriet slik at bileta til Solveig blir vist fram fast.

– Eg er ikkje så produktiv lenger, så dei arbeida eg jobbar med nå blir meir langsiktige.

Ho har ikkje tid til alt ho ynskjer.

– Tida strekkjer ikkje til. Når ein er åleine er det mykje som skal ordnast både ute og inne, og det blir ikkje tid til å teikne kvar dag, seier ho.

Ho fortel at det er viktig med god tid og godt ljos for å få ei bra arbeidsøkt.

– Når det er mørkt i vêret blir det ikkje noko, seier ho.

Ikkje meir Tuss og Troll
Joleheftet Tuss og Troll har blitt levande illustrert av Solveig i ei årrekkje, og det var den serien ho jobba med over flest år. Frå 1956 til 2008 teikna Solveig 49 hefte. I fjor var det fyrste året ho ikkje leverte arbeid til Tuss og Troll.

– Det daglege arbeidet tek tida mi, så eg måtte gje meg, seier ho.

Solveig, som karakteriserer seg sjølv som «ordentleg gamal» – tilsett eit godt smil, er temmeleg sikker på at det ikkje er mange i hennar bransje som held på så lenge.

– Eg trur ikkje det er mange illustratørar som jobbar til dei er 92 år, smiler ho.

Pip, pip, her er eg …
For mange er det nok Smørbukk som er den mest kjente streken til illustratøren frå Vrådal.

Den runde, gode guten Smørbukk debuterte med «pip, pip, her er eg» i Norsk barneblad i 1938. Og i 1941 viste guten seg att illustrert av Jens R. Nilssen for fyrste gong i jolehefte. Prisen var den gongen 1 krone og 25 øre.

Nilssen hadde illustrasjonsjobben med Smørbukk fram til 1959, då måtte Solveig bokstavleg tala hoppe inn midt i ein serie og fullføre jobben.

– Eg prøva å gjere overgangen frå Nilssen sin strek til min så mjuk som mogleg, seier Solveig.

Solveig var alt eit godt kjent namn innanfor illustratørarbeid sidan ho hadde jobba med barnebladet og barnebøkene frå Norsk Barneblads forlag sidan 1957. På denne tida hadde ho også levert arbeid til tri Tuss og Troll-hefte.

I forlaget vart Solveig omtala med konkret strek som passa for barn. Ho la mykje arbeid i teikningane og leverte når ho skulle.

Men då Solveig tok over jobben som fast skapar av Smørbukk, skjedde det endringar.

– Eg kopierte streken til Jens R. Nilssen i starten, men trekte meir og meir inn av mitt eige. Det var mange som sa det ikkje var ein synleg overgang, seier Solveig.

Smørbukk blei eit par år yngre, streken vart mjukare, karikaturen fjerna, ironien dempa og teikneseriehelten vart godlynt og meir barnsleg. Serien vart i det heile snillare.

I 1982 vart stafettpinnen med Smørbukk på ny sendt vidare. Då var det Håkon Aasnes som fekk jobben med å illustrere Smørbukk.

Solveig kunne stolt leggje Smørbukk-pennen på hylla etter 30 hefte frå 1960 til 1981, 8 vårhefte og 22 jolehefte. Ho leverte også seks Smørbukk-ruter kvar fjortande dag i Norsk Barneblad frå hausten 1959 til hausten 1982

Ynskje om meir oljemåling
– Er det noko du gjerne skulle fått jobba meir med, eller teknikkar du ville ha lært deg?

– Eg har lenge hatt lyst til å jobbe meir med oljemåleri. Men illustrasjonsarbeidet tok all tida mi opp gjennom åra. Nå kan eg prøve meg litt. Ein må i alle fall ha god tid om ein skal til med dette, seier ho.
Solveig har ingen faste oppdrag lenger.

– Men eg får enno spørsmål om eg kan lage teikningar, ofte av Smørbukk. Eg synest sjølvsagt at det er veldig moro at dei vil ha min Smørbukk, men eg likar ikkje å lage for mange av det same motivet, seier ho.

Solveig trur at dei fleste som ynskjer Smørbukk-motivet er folk som har vekse opp med teikneseriefiguren.

– Og så får eg brev der dei spør etter autograf, veldig mange avsendarar kjem frå Vestlandet. Det er også mange samlarar som har kontakta meg med spørsmål etter hefte som dei manglar. Nokon har kome hit på besøk, og dei har dei fleste utgåvene men manglar eitt eller to, så har dei lura på om eg har dublettar. Det hadde eg før, men nå har dei eldste forsvunne, seier Solveig.

For grovt
– Er det nokon oppdrag du minnest betre enn andre?

– Det var eit år eg teikna eit omslag til Tuss og Troll som vart refusert, det var vel rett og slett for grovt, ler ho.

– Det kom ein samlar hit som ville kjøpe teikninga. Eg sa eg ikkje ville selje, men då blei han bare endå ivrigare. Han fekk det jammen til slutt, smiler Solveig.

Ho hugsar også godt eit år manuset var i grovaste laget.

– Men me var elles veldig samstemte, tekstforfattaren og eg, seier ho.

LES SAKA HJÅ VEST-TELEMARK BLAD!

Faktaboks

Solveig Muren Sanden er den ukrona dronninga av norsk teikneserieteikning. Sanden er fødd i Vrådal 17. april 1918. Etter utdanning frå Statens kunst- og handverksskule og frå Statens kunstakademi i Oslo spesialiserte Sanden seg på målarkunst. Då ho fekk selt nokre teikningar til ymse blad, mellom dei Jol i Telemark, satsa ho også på illustrasjonskunst. Sanden har teikna Tuss og Troll like sidan 1957 (bladet kom i opptrykk 1988–91) og Smørbukk 1959–80 (julehefta 1960–81).

Saman med Johannes Farestveit fekk ho i 1974 den første prisen Kyrkje- og undervisningsdepartementet delte ut til teikneserieskaparar, for beste norske teikneserie for barn eller unge.

LES MEIR HJÅ ALLKUNNE!