Mopedlapp = fleire ulukker

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det viser eit forskingsprosjekt ved Transportøkonomisk institutt der ein har studert utviklinga i haldningane til ungdom til trafikktryggleik, trafikkåtferd og ulykkesinnblanding.

Resultata viser at det er ei utvikling frå ein er om lag 16 år til ein er om lag 20 år i haldningar til trafikktryggleik.

Meir pragmatiske

Etter kvart som ein blir eldre blir ein meir ”pragmatisk”, til dømes ved at ein synest det er greitt å køyra over fartsgrensa viss tilhøva tillèt det. Dette kan sannsynlegvis skuldast både alder og modning og det å ha tileigna seg røynsle som bilførar, heiter det i rapporten.

TEMA: LES FLEIRE SAKER OM TRAFIKKTRYGGLEIK!

– Me finn òg endringar i køyreåtferd frå ein er fersk bilførar til ein er meir erfaren. Endringane viser at dei unge førarane gjer færre gløymsel- og feilhandlingar, men fleire medvitne regelbrot når dei er meir erfarne enn då dei var heilt ferske førarar.
I særleg grad gjeld dette unge menn. På den andre sida har unge kvinner lettare for å gjera fleire gløymsels- eller feilhandlingar i trafikken.

Mopedkort og innblanda i ulukker

Resultata viser òg at faktorar som medvitne brot på trafikkreglane, å ha vore innblanda i ei ulykke før, og å ha førarkort for moped frå før, er forbunde med auka ulukkesrisiko når førarane er erfarne.