Fulltreff for debutantar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jakta er i gang, og tida er inne for å hauste frå naturens spiskammer. Dei jamgamle jegerane Anne Dahle og Kenneth Felle debuterte begge som elgjegerar åleine på post og skaut kvar sin okse i haust. – Fleire ungdomar burde bli jegerar. Det er kjempemoro, meiner 18-åringane.

Sjølv om ein er jeger er det slett ikkje sikkert at ein ser dyr ute i skogen på jakt. Og det er slett ikkje så mange debutantar som kan skilte med at dei har felt ein okse fyrste året dei sit på post med børse.

VTB har møtt to heldige elg-debutantar. 18-åringane Anne Dahle frå Fjone og Kenneth Felle frå Felle gjekk saman på ungdomsskulen og gløymer nok ikkje haustas elgjakt med det fyrste.

– Dei kom på rekkje og rad
Andre dagen i årets elgjakt vart det fall på Dahle-Mesel jaktlag på Fjone. Anne Dahle debuterte som elgskyttar då ho felte ein firetakkar.

– Me vart varsla om at bikkja hadde dyr i drivet, eg sat på den same posten som det kom dyr til meg i fjor. Det var så spennande. I fjor kom dei for raskt, og eg fekk ikkje skyte. Men i år fekk eg sjansen til å trekkje av. Dei kom på rekkje og rad, ku, kalv og stut, pulsen auka. Eg drog i avtrekkaren og firetakkaren datt, fortel 18-åringen Anne Dahle frå Fjone.

Av karane på jaktlaget vart det kommentert at Anne melde så kjapt frå på radioen at det var elgfall av ein stut at lyden frå skotet mest ikkje hadde lagt seg.

– Dei mobba meg litt då, ler ho.

Startskotet
Anne tok jegerprøva i fjor vår.

– Eg har vore med på jakt nokre få gonger tidlegare, og sett på slakting, men har ikkje vore så veldig ivrig. Sidan eg går på vidaregåande på Kvitsund passa det godt å ta prøva hos Jeger- og fiskerforeninga i Kviteseid i fjor.

– Og så er eg odelsjente, då passar det vel også godt, seier ho.

Spennande
På jaktdag nummer to i haust, 26. september, skjedde debuten for Anne.

– Ekstra moro blei det sidan det var det fyrste dyret som fall av dei fire jaktlaget har på kvota denne hausten, seier ho.

– Eg sat åleine på post og me hadde både liten og stor stut på kvota, så fire-takkaren som kom passa godt. Det vart ekstremt spennande, men eg synest eg var ganske roleg etterpå også, fortel 18-åringen frå Fjone.

På jaktlaget føler ho seg godt ivareteke, sjølv om ho har vore åleine som jente denne hausten.

– I fjor var det med ei anna jente og dreiv, eg håpar ho også tar prøva. Fleire jenter burde bli jegerar, ja eigentleg burde fleire ungdomar prøve seg som jegerar. Det er kjempemoro, oppmodar Anne.

Sosialt
Det er ikkje bare jakta i seg sjølv som freistar Anne ut i skogen.

– Det er veldig sosialt og godt å kome seg ut i skogen. Det er slett ikkje negativt å bli litt kjent i terrenget heller, seier ho.

Om det blir meir enn jakt på elg for Anne er ho ikkje sikker på.

– Me har kvote på hjort, men har ikkje sett hjort i år. Eg veit også at det er mykje storfugl, så kanskje det blir ein jakttur etter dei, avsluttar elgjegerdebutanten frå Fjone.

Lite og sjå
Kenneth Felle (18) er ingen fersking som jeger. Han trur han var åtte år fyrste gongen han var med på harejakt, og har elles vore jaktinteressert så lenge han kan hugse.

Heime på Felle har han to finsk-støvarar som han brukar mykje til harejakt, men ungguten brukar også helgene til jakt på rådyr og reinsdyr.

– Det var på ungdomsskulen i Treungen eg tok jegerprøva, og eg har hatt mykje glede av ho, seier 18-åringen.

Sidan ein må vere 18 år for å bere våpen under jakt utan tilsyn av annan vaksen person, vart det endeleg lov til å sitje åleine på post for å vente på at elgen skulle kome til han denne hausten.

– Når jakta starta var eg med jaktlaget Felle-Skåli heime. Det var både dårleg vêr og lite dyr. Helga etter fekk eg vere med onkelen min på elgjakt på Nes i Nissedal, seier han.

Då blei det anna resultat for der var det dyr i skogen og sola skein.

Pumpa slo
Førre helg sat Kenneth i Nesdalen i Nissedal på post i det flotte haustvêret.

– Ein av jegerane dreiv med bikkja, og eg fekk melding på radioen at var dyr i drivet. Ein stor okse, og eg skjøna at han var skikkeleg stor, seier Kenneth.

Opp gjennom lia kom dyret.

– Det vagga oppover mot meg. Då det var 10 meter unna meg skaut eg, fortel jegeren.

Jaktlaget på Nes hadde freda stutane som hadde mellom fire og ti takkar. Dette dyret hadde elleve.

– Det var ei artig oppleving. Rett før eg skaut hadde det kome stut og ku til onkelen min, men han heldt att.

– Korleis kjente du deg når elgen kom mot deg og etter at skotet fall?

– Pumpa slo nok litt ekstra, innrømmer han.

Det største
Oksen med elleve takkar hadde ei slaktevekt på 240 kilo.

– Eg skal ha horna på plate. Dei er alt sendt, smiler jegeren.

– Den fyrste elgen din vart difor ikkje så liten?

– Nei, det er ikkje sikkert eg får oppleve å få skyte så stor stut att nokon gong, trur jegeren.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!