– Forstår ikkje kvifor folk les bloggane våre

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Me har intervjua tre jenter som er elevar ved Ølen vidaregåande skule, Lundeneset vidaregåande skule og Etne ungdomsskule om bloggane deira på www.blogg.no. Marit Serine Helgesen, 
Camilla Vik og Oda Kristin Landa Enge har alle blogga i over eit år, av dei same grunnane.

Dei ville ha ei viss oversikt over kva dei hadde brukt tida deira på, slik at både familie og venner kan være like oppdatert. Dei likar å skrive, og bloggane helt interessa oppe. Bloggane har blitt som eit tidsfordriv for jentene.

Som dagbok
Marit Serine Helgesen fortel at ho bloggar kvar dag. Ho har alt frå 50-200 lesarar, det varierar veldig. 17-åringen bloggar fordi ho tykkjer det er ein grei måte å halde orden på kva ho har brukt tida si på, slik at familien hennar også kan følje med. 


– Eg synest det er kjekt å sjå tilbake på ting eg har gjort som ei slags dagbok, og det er ein fin hobby som ikkje krevje så altfor mykje tid, seier ho.

Ingen av jentene forstår heilt kvifor folk les bloggane deira. Men dei har alle kome fram til at det dei skriv må vera interessant på eit eller anna vis. Marit Serine vil påstå at det er mest ungdomsskule elevar som les bloggen hennar.

Lite inntekter
Jentene tener ikkje pengar på bloggane sine, men etnejenta Oda Kristin Landa Enge hadde sponsor ein gong. Då tente ho ti prosent av inntektene til sponsoren, men etter kvart hadde ho ikkje nok lesarar, så sponsoren trekte seg.

Jentene har heller ikkje fått noko gratis produkt frå leverandørar, men Marit Serine har vunne i ein del konkurransar, kvar ho har mottatt blant anna sminke.

Dei tre jentene har ulike meiningar om kvifor blogging har blitt så populært.


Personleg
– Eg trur at blogging fristar fordi folk kan snike seg inn i andres liv, og fordi det er meir personlig og truverdig enn journalistikk, seier Marit Serine. 


Camilla Vik meiner at det er interessant, og Oda Kristin har ikkje tenkt så mye over det, men meiner at det er motebloggar som er mest populære. Dei er alle ivrige blogglesarar, og følgjer med på bloggar til venner og kjente.

– Eg les blant anna www.voe.blogg.no og www.julianyl.blogg.no, seier Oda Kristin.


Når det kjem til designa på bloggene har jentene gjort mesteparten sjølve, og fått hjelp på diverse ting frå både kjæraste og venner. Noko som er vanleg, og som alle har gjort, er å la bloggnamnet ha noko med namnet deira å gjere. 


– Eg ville halde det enkelt, så eg brukte namnet mitt, seier Camilla Vik.
 

LES SAKA PÅ GRANNAR.NO!