Vil skremma ungdommar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me vil setje ein støkk i dei slik at dei ikkje fortset med narkotikum, seier politistasjonssjef Odd Tveit Jørgensen til Sandnesposten.

Sidan mars i år har sandnespolitiet oppretta over 500 narkotikasaker. Det er ein auke på 90 prosent. Mesteparten av dei omhandlar unge. I motsetnad til mange andre saker, blir det registrert fleire brot på narkotikabrotsverk di meir meir ressursar politiet brukar. På dette feltet er det mange skjulte saker.

13 år 
Den kriminelle lavalderen i Noreg er 15 år. Desse vil få bøter eller fengselsstraff avhengig av alvorlighetsgraden i den einskilde saka. I Sandnes har det vore fleire saker der ungdom heilt nede i 13-årsalderen er meldt for brot på narkotikalovgjevinga.

– For dei myndige er det leitt å ha ein narkotikasak på rullebladet. Det kan gje dei problem vidare i yrkeskarrieren, seier Jørgensen til Sandnesposten. 

For ei tid tilbake hadde politiet ei liknande satsing på bråk og helgefyll i sentrum. 

 – Det viste seg å fungere. Det er mindre vald på byen i dag enn tidlegare. Vonleg vil vi sjå den same effekten med denne satsinga.