Ungdomshus på dugnad

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det var vel Torgeir Kovajord og gravferdsbyrået hans som brukte dette lokalet før me overtok det. Då var det lagerrom for kister, no satsar me på eit meir levande lokale, smiler Jan Rune Fosstveit, ein av entusiastane i arbeidet med å pusse opp den tidlegare lagerbygningen til Lårdal Sag.

Bygget ligg heilt nede ved bryggja i Lårdal og tidleg på åttitalet var det 12 arbeidsplassar i bedrifta som då produserte dreia tregreier. Tidlegare var bygget altså lager for sagbruket i Lårdal. Etter at det blei slutt på å produsere tregreier, overtok Telestrikk bygget. Dei produserte mellom anna strikka klede i samband med OL på Lillehammer i 1994.

Mange møtte
– Endeleg er ungdomshuset klart. Me har jobba hardt både unge og vaksne. Og eg må seie at resultatet av oppussinga har blitt veldig bra, er de ikkje samde, spurde Fosstveit då han offisielt opna huset måndag.

I overkant av 70 personar hadde møtt opp denne kveldsbeita, og det var smil og glede å spore hjå alle.

– Dette er berre heilt konge. At me unge får ein stad å vere og møtast må vere noko av det beste som har skjedd i Lårdal, seier Markus Foldøy Jørgensen stolt.

– Jepp, det er veldig bra, og spesielt er filmrommet blitt flott, stemmer kompisen Benjamin Djuvet Grønstein i.

Unggutane spela såkalla airhockey, og dei andre ungdomane var opptekne av å spele bordtennis, fotballspel eller biljard.

– Og så skal me sjå film i film- og spelerommet vårt, informerte Fosstveit.

Ungdommane har nemleg eige rom for å sjå på film og å spele fjernsynsspel. Det er skikkeleg utstyr i rommet med projektor i taket og feite høgtalarar på golvet.

Overtok stafettpinnen
Også kona til Fosstveit, Anne Karen Lundeberg, har vore svært delaktig i dugnadane for å få huset i stand.

– I utgangspunktet var det Svenning Jørgensen som drog dette i gang. Han var på ein måte katalysatoren i prosjektet, men etter kvart overtok me. Sist vinter hadde me ein vasslekkasje i bygget, og det førte til at heile kjøkkendelen no er så godt som ny. Hell i uhell kan ein vel seie, slår Lundeberg fast.

Sosial dugnad
– Bygdefolket har vore fantastiske i dei par åra me har drive på. Nesten utan unntak har me vore samla rundt 20 personar på kvar einaste dugnad. Bygget har blitt pussa opp både utvendig og innvendig. Dugnadsånda i Lårdal er stor, smiler Fosstveit.

– Folk har teke kontakt og spurd om me har bruk for møblar og interiør. Stolane i filmrommet fann me på Finn.no. Det var Frikyrkja i Porsgrunn som skulle gje vekk ein haug med stolar, og me fekk nokre av dei, fortel Lundeberg.

I tillegg til det stor aktivitets- og samlingsrommet og film- og spelerommet, er det også eit såkalla LAN-rom i lokalet. Der er det klargjort for datamaskiner. Elles er planane klare for å lage til eit sløydrom og eit trimrom.

– Romma er der og trimutstyret har me, så det skal nok bli ei råd med å setje alt i stand, meiner Fosstveit.

LES HEILE SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!