Sterke reaksjonar på at politiet braut inn i undervisinga.

mm

– Skikkeleg ekkelt, seier Martin Jacobsen (17), Martin Lien (17) og Eilev Steinsgard (16) til GD.no, om å bli henta ut av timen på denne måten. Det var på måndag at politi og Statens vegvesen aksjonerte på Vinstra vidaregåande skule.

Målet for aksjonen var å kontrollera mopedar og motorsyklar. 12 mopedar blei sjekka, og tre blei avskilta på staden for ulovleg trimming og andre manglar.

– Eg ser at dette kan diskuterast og at det er ein fare for at ungdom kan bli stigmatisert. Men det at enkelte ungdommar stikk av gong på gong, kan føra til ulukker. Dette er difor den mest skånsame måten å gjera det på, seier lensmann i Midt-Gudbrandsdal, Jan Erik Rundsveen til GD, og held fram at dette var avtalt med skulen på førehand.

Både hjå GD.no og på Facebook-sida til Midt-Gudbrandsdal lensmannskontor har det blitt reaksjonar på aksjonen.

Kva meiner du?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.28
ANNONSE