– Kjempekjekt å tevla på Voss

Først tørr-kajakk i stupbratt terreng. Så smalahove. Ja, me snakkar om Voss.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tørr- kajakk i rasande fart

VOSS: I strålande haustsol var det mange som hadde teke vegen til Sundve skule laurdag, for å få med seg tevlingar av ulike slag.

– Kjempekjekt at så mange ville koma, seier Ingrid T. Bjørke som er ein av arrangørane.

Det er ni år sidan haustarrangementet til Noregs Bygdeungdomslag vart halde på Voss, og i år er det om lag 380 deltakarar som tevlar i ulike greiner som eksteriørbedømming av sau, tørrkajakkpadling ned grasbakkar, NM i motorsaging, blautkakepynting og handyman-tevling for å nemna nokre.

SJEKK BILETSERIE!

Arrangementet går i år under namnet "Vossaslepp", og Bjørke fortel at førebuingane har vore store.

– Me begynte å planleggja "Vossaslepp" for eit og eit halvt år sidan, så dette er noko me har gleda oss til. Og så fekk me jo strålande vêr i tillegg, så dette er kjempeflott, seier ho.

Marte Larsen Tønseth frå Hedmark var ein av dei som tevla under blautkakepyntinga, noko ho synst var veldig artig.

– Det er kjempekjekt å konkurrera her på Voss. Det er første gongen eg er her, og eg stortrivst i desse flotte omgjevnadane. Det einaste eg kvir meg litt til er smalahove-etinga seinare i kveld, ler ho.