Saknar krafttak for nynorsk i skulen
– Det bør stillast krav til innkjøp av skulebøker, seier Noregs Mållag.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Noregs Mållag ventar at Kunnskapsdepartementet tek eit krafttak for nynorsken i skulen. Ei betre nynorskundervisning i grunnskulen og vidaregåande skule krev klarare prioritering frå Kunnskapsdepartementet, seier Håvard B. Øvregård, i ei pressemelding.
Han peikar på at problemstillinga knapt er nemnt i budsjettdokumentet.
For nynorskelevane i grunnskulen og vidaregåande skule er det svært viktig at Kunnskapsdepartementet brukar sine ressursar på ein slik måte at kommunane gjev dei god undervisning på nynorsk, læremiddel på nynorsk og oppdaterte og kompetente lærarar.
Han forventar også at Kunnskapsdepartementet stiller klare krav til korleis fylkeskommunane kjøper inn bøker til vidaregåande skule.
– Noregs Mållag meiner det er avgjerande at Kunnskapsdepartementet, allereie i statsbudsjettet, gjer det heilt klart at det ikkje vert betalt ut midlar til ulovlege læremiddel. Dette vil seie læremiddel som berre er tilgjengeleg på bokmål, seier Håvard B. Øvregård.
– For å sikre nynorskelevane god nok undervisning er det avgjerande med god lærartettleik. Vi støttar Utdanningsforbundet sine reaksjonar om lærartettleik, der dei tek til orde for eit minstetal på lærarar i klasserommet både i grunnskulen og i vidaregåande opplæring, seier Håvard B. Øvregård.