– Dårlegare fritidstilbod til born og unge
Støtta til barne- og ungdomsorganisasjonane er fryst.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Dette er ei regjering som ikkje maktar å prioritere born sine fritidsinteresser, seier leiar i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) Bjarne Dæhli i ei pressemelding.
Både støtta til barne- og ungdomsorganisasjonene og til støtteordninga Frifond er uendra frå budsjetta til fjoråret. Det er ikkje godt nok, meiner LNU. Barne- og ungdomsorganisasjonane er i vekst, men møter ein kald skulder i budsjettet.
– Vi får eit dårlegare fritidstilbod til born og unge over heile landet, held Dæhli fram.
Spelar rulett med Frifond
Frifondordninga går ei usikker tid i møte. Når støtta ikkje blir auka, blir Frifond meir avhengig av auka spelinntekter frå Norsk Tipping. Samstundes er det lite truleg at Norsk Tipping vil få auka inntekter neste år.
– Dette er å spele rulett med fritidstilbodet til born og unge lokalt, seier Bjarne Dæhli.
Mindre til internasjonalt arbeid
LNU er òg skuffa over at tilskottet til internasjonalt ungdomssamarbeid er kutta med 1,3 millionar kr Denne støtta går blant anna til internasjonalt arbeid i barne- og ungdomsorganisasjonene.
– Dette gjer det vanskeleg for organisasjonane å drive langsiktig internasjonalt arbeid, og dette skjer i ei tid der internasjonalt samarbeid blir stadig viktigare, seier leiar i LNU, Bjarne Dæhli.
Moms på frivilligheit
Som regjeringa tidlegare har varsla blir potten for momskompensasjon auka, til 608,6 millionar. Dette er langt frå behovet. LNU er forventar at det allereie i år blir søkt om meir enn ein milliard i momskompensasjon, og ein kan forvente ein avkorting opp mot 70 prosent.
– Viss regjeringa skal halde løftet om momsfritak for dei frivillige, er dei nøydde til å kome med ein opptrapping allereie i revidert budsjett. Viss ikkje vil det vere nok eit løftebrot ovanfor frivillige organisasjonar.