Auka valdeltakinga i Bosnia
Ungdomsorganisasjon frå Noreg auka valdeltakinga med 50 prosent.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
"Kuppa" bosnisk val frå Noreg
Søndag kveld stengde vallokala i Bosnia-Herzegovina. Enno er valresultatet uklart. Den moderate muslimske Bakir Izetbegovic ser ut til å bli ein av dei tre presidentane i landet.
For ungdomsorganisasjonen Stecak er det valdeltakinga som er det viktigaste. Organisasjonen fekk støtte frå Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner til ei valdeltakingkampanje før valet i Bosnia-Hercegovina. Dei endte opp med å auke talet på registerte veljarar frå Noreg med nesten femti prosent.
Stecak er er ein organisasjon for unge bosniarar busett i Noreg. I fjor søkte dei LNU Demokratimidlene om pengar til ei kampanje som skulle få fleire bosniarar i Noreg til å stemme i nasjonalvalet. Resultatet blei over all forventning. Totalt var det 8,3 prosent fleire velgarar busett i utlandet som registerte seg samalikna med valet i 2008, og Noreg hadde den største auka på heile 48,9 prosent.
Mobiliserte ungdom over heile Europa
Ein million bosniarar bur utanfor landets grenser. Mange av desse har rett til å stemme ved val, men få unge gjer det. Stecak fekk med seg liknande organisasjonar i fleire europeiske land på kampanja, og målet var å auke kunnskapen til ungdommane og vekke engasjement for valet.
LES MEIR: Djupt splitta land til val
– Det er komplisert å registere seg som veljar om ein bur i utlandet, så vi jobba mykje med å få ut informasjon om korleis ein gjer det, sier Iris Basic (27) til LNU.no.
Video, konsertar og brev
Stecak brukte mange verkemiddel for å nå fram til bosniarar i Noreg. Dei laga video, t-skjorter, konsertar og seminar. I tilegg sendte dei ut registeringsskjema til rundt 2000 bosniarar busett i Noreg. Og arbeidet gav resultat, både her og elles i Europa.
– Landa som var med på prosjektet vårt hadde desidert størst vekst i registerte veljarar. Det er vi veldig nøgd med, seier Iris. Saman med Amila Vuckic (25) fortalde ho om prosjektet på brukarseminaret til LNU Demokratimidlene.
Siste innsats i helga
I helga har Stecak reist rundt i Bosnia for å gjere ein siste innsats før valet. Dei besøkte tre byar for å oppmode innbyggjarane om å stemme, og opplevde at folk var veldig interesserte.
– Resultata byrjar å komme inn. Talet på veljarar har auka sidan sist og dette er den største oppslutninga om eit val sidan krigen. Så målet vårt er definitivt nådd, seier Iris. – Vi ventar framleis på resultata, men for oss var det viktig å sjå at folk ble så engasjerte og at oppslutninga blei mykje høgare.