Paranoid med stivna smil

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er mykje eg ikkje forstår. Snåsamannen. Poenget med algebra. Tredjegradslikningar. Sjarmen med treningsstudio. Korleis unge lovande Markus Henriksen kunne forlate karrieren som rappande deltakar i Melodi Grand Prix Junior og prioritere Rosenborg. Kvifor den lange norske ferien er om sommaren, når det er hyggelig her, og ikkje om vinteren, når det er ein god idé å ta seg fri og reise lengst mulig vekk.

Det er mykje.

Men det eg har aller mest problem med å forstå, det er at nokon har lyst til å vere partileiar. Og eg har prøvd å forstå det. Eg får det berre ikkje til. Eg forstår verkelig ikkje at nokon kan ha lyst til det.

I det britiske arbeidarpartiet har til og med to brør kjempa om leiarjobben. Den eine vann. Den andre trekte seg frå topp-politikken. Og dårlig stemning er sikra på alle framtidige slektstreff.

Og i Norge, innimellom lite sjokkerande nyheiter som at finansministeren fyller år og syklistar dopar seg, kom den heller ikkje veldig sjokkerande meiningsmålinga som viser at KrF er under sperregrensa, og dermed kan gå frå å vere eit ganske lite parti til å bli eit veldig lite parti. Og så kom også dei obligatoriske oppslaga om at folk i partiet er misfornøgde med partileiaren.

No skjer det ikkje veldig ofte at eg græt meg i søvn på grunn av at KrF gjer det dårlig på ei meiningsmåling, men eg vil tru at eg kanskje ville gjort det sersom dette var partiet i mitt hjerte.

Og det er ein av grunnane til at eg har problem med å forstå kva som driv folk til å ville bli partileiar.

Ein av mange grunnar.

Alle som har sete oppe nokre septembermåndagskveldar og følgt valsendingar, veit kor sjeldan det skjer i eit partileiarliv at du blir den store valvinnaren som alle hyllar. Og alle veit i alle fall kor sjeldan det skjer fleire gonger. Og vi har alle sett kor trøtte partileiarane ser ut. Kor lyst dei har til å svare spydig eller sint på spørsmål om kor skuffa dei er eller i kor stor grad dette er å sjå på som eit personlig nederlag.

Og så er det tilbake til kvardagen. Med fleire av dei same spørsmåla. Og så diskuterer du korleis partiet skal svare på desse spørsmåla, komme seg på offensiven igjen. Og det diskuterer du med dine nærmaste medarbeidarar. Og dei er høgst sannsynlig ute etter jobben din.

Og medan alt dette står på, er det forventa at du skal ta alt med godt humør, ikkje vise at ting går innpå deg. Litt som den tapande broren i det britiske arbeidarpartiet, som smilte og vitsa etter nederlaget og understreka at «I'm not dead».

Når du er partileiar, har du med andre ord all mulig grunn til å vere paranoid og gå om kring med eit stivt smil.

Og så får du kritikk for at du verkar paranoid og at smilet ditt har stivna.

Og så tek ein av dine nærmaste medarbeidarar over jobben din. Og forventar ein klem. Og får det.

Eg forstår det ikkje.

Med mindre dei faktisk liker politikk. Og verkelig trur på politikken sin.

 

Denne kommentaren stod først på trykk i Dagsavisen laurdag 2. oktober.