Investerer lite oljepengar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Oljefondet har gjeve regjeringa 139 ekstra milliardar kroner å rutta med dei siste fem åra. Men berre 18 milliardar kroner er brukt til vekstfremjande investeringar i utdanning og forsking, samferdsel og skattelette, som føresett då handlingsregelen vart vedteke, ifølgje utrekningar frå NHO.

– Regjeringa har dermed ikkje brukt dei gode åra før eldrebølgja slår inn over oss til å satsa på vekstfremjande investeringar for arbeidsplassane til framtida. Dette bør dei byrja å retta opp i statsbudsjettet for 2011 slik at Noreg kan gjera dei investeringane som er naudsynte for å sikra eit vekstkraftig næringsliv og eit godt velferdssamfunn framover, seier administrerande direktør i NHO, John G. Bernander.

– Følgjer ikkje sin eigen handlingsregel
Då handlingsregelen vart innført i 2001, innebar det klåre prinsipp for kva for område som burde prioriterast. Eit klårt fleirtal i finanskomiteen på Stortinget var samde om at den auka nytta av petroleumsinntekter burde rettast mot å heva vekstevna i økonomien gjennom å prioritera utdanning, forsking, infrastruktur og skatte- og avgiftspolitikken i innstillinga frå 2001.

LES OGSÅ: Bruker pengane til unge og ufødde

Utgangspunktet for NHO sine utrekningar er å sjå på kva som ville vore ein budsjettnøytral utvikling for sentrale programpostar viss petroleumsinntekter ikkje vart teke i bruk. Det enkle, men sentrale premisset er at ein meirbruk utover det budsjettnøytrale må dekkjast gjennom bruk av petroleumsinntekter.

Ubetydeleg prioritert
– Ein openbar konklusjon er at samleposten for utdanning, forsking og samferdsel direkte over statsbudsjettet berre er ubetydeleg prioritert. For 2010 isolert, utgjer meirsatsinga på desse områda om lag 4 prosent, eller 6 milliardar, av den auka nytta av petroleumsinntekter.
Skatte- og avgiftsnivået er auka med 5 milliardar i same periode, noko som svekkjar satsinga på dei vekstfremjande områda ytterlegare, skriv NHO i ei pressemelding.

Samla for perioden 2006-2010 viser utrekninga at berre 4 prosent er prioritert i meirsatsing til forsking, utdanning og samferdsel.

NHO legg til grunn at 30-40 prosent av dei auka rammeoverføringane til kommunane går til samferdsel og utdanning, noko som betrar den vekstfremjande delen av bruken med cirka 9 prosent – til ein samla del på cirka 13 prosent.

– Inkluderinga av kommuneforvaltninga gjer biletet moderat betre, men endrar på ingen måte hovudkonklusjonen: at berre ein marginal del av den auka petroleumspengebruken er prioritert på dei områda handlingsregelen tilseier, seier Bernander.

Ingen i politisk leiing i Finansdepartementet hadde høve til å gje kommentar til dette utspelet frå NHO.

– Vi jobbar no på høgspreng med å få statsbudsjettet klårt, skriv Anders Lande ved informasjonseininga i ein epost til Framtida.no.