Den komiske krigen

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjølvsagt hadde det vore hyggelig om vi snart fekk nyheiter frå dei siste ti-tjue åra også. Særlig fordi det er såpass mykje med Treholt-saka som er deprimerande. Det aller mest deprimerande er at denne saka minner oss om kor djupt og inderlig komisk den kalde krigen var.

Og dette er jo vår krig. For mange av oss er dette den krigen vi har. Dette er dei einaste krigshandlingane vi har opplevd og kjem til å oppleve på norsk jord i vår levetid.

Det er få ting som er kjedeligare enn mimring. Med mindre du sjølv er på same alder som den som mimrar. Men det finst nokon som kan mimre interessant. Det finst nokre få personar som kan få lov til å bruke resten av livet til å snakke om si eiga ungdomstid. Dei som har opplevd krigen, for eksempel. Den ordentlige krigen, altså. Spesielt dei som ikkje berre opplevde krigen, men også gjorde noko. Har du brukt ungdomsåra dine til å vinne ein verdenskrig, då har du lov til å snakke om det resten av livet.

Men dei fleste av oss har jo ikkje det. No kan ein sjølvsagt seie at vår side vann den kalde krigen, sidan muren blei riven, Sovjetunionen gjekk i oppløysing, og det einaste som er igjen av kommunismen er estetikken.fert

LES OGSÅ: Kofferten var full av pengar

Men den kalde krigen vil aldri bli like stilig og heroisk som den ordentlige krigen. Til det er det altfor mykje som er for komisk. Dei som kjempa for Norge på førtitalet saboterte, sprengde ting i lufta, strauk til skogs, fraus, røykte, var friskfyraktige og såg ut som Aksel Hennie

Det kjem aldri til å bli laga populære, actionfylte storfilmar med Aksel Hennie i hovudrolla om dei som kjempa for Norge under den kalde krigen. Dei som fryktlaust og utan respekt for fienden gjorde ting som å ta bilde av koffertar med eller utan teipbitar, eller med fare for  strekkskadar og tung pust følgde etter Arne Treholt på joggetur.

Kva gjorde du under krigen, bestefar? Eg tok bilde av koffertar.

Kva gjorde du under krigen, bestefar? Eg jogga.

Det alle som skriv om Treholt-saka og den kalde krigen no må tenke på, er at dette kan bli lese av folk som er for unge til å sjølve har opplevd den kalde krigen. Kva slags inntrykk er det dei får av Norge på åttitalet?

Hemmelige møte med sovjetrussarar. Overlevering av dokument. Overvåking. Amatørmessig bildemanipulering.

Det verkar som en gjeng som levde i eit land som var så kjedelig at ein måte leike spionfilm for å i det heile tatt halde ut.

Og så gjekk vi heim og såg spionfilm.

Det var jo ikkje sånn. Åttitalet var mi ungdomstid. Så dette tek eg personlig. Det var ikkje sånn. Les ein om Treholt-saka, kan ein få inntrykk av at 1984 var i svart-kvitt. Og tåke. Og at folk skulte på kvarandre og var skeptiske.

Det var omvendt. Vi var for alt som var utanlandsk og nytt, nesten av prinsipp. Og kleda kunne i grunnen ikkje bli fargerike nok. Det finst vel ikkje eit tiår som er mindre svart-kvitt enn åttitalet. Så kjære ungdom. Ikkje døm oss. Det er ikkje vår feil.

Skal ein først vere opptatt av tjuefem år gamle nyheiter akkurat no, så er dette nyheita som tel denne veka: Det er tjuefem år sidan åttitalets store ungdomsfilm «The Breakfast Club» hadde premiere, og fire av fem hovudrolleinnehavarar var samla igjen for jubileumsvisning. Sjå heller den. Ingen konvoluttar. Ingen teipbitar. Ingen manipulerte bilde. Garantert.

Og neste veke snakkar vi om nyheiter frå vår eiga tid igjen. Særlig.

 

Denne artikkelen stod først på trykk i Dagsavisen 25. september.