Møt ein grafisk designar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Navn: Lars Kjelsnes
Alder: 27 år
Yrke: Grafisk designar
Arbeidsplass: Heydays i Oslo
 

Kvifor valde du dette yrket?

– Eg har alltid vore interessert i webdesign og etter at eg laga ein plakat for eit skuleprosjekt fant eg ut at det passa meg bra.

Kva arbeidsoppgåver består yrkeskvardagen din av?

– Eg jobbar med forskjellige prosjekt, og driv med idèutvikling, lagar skissar og designar forskjellige trykksaker eller websider.

Kva utdanning og/eller kvalifikasjonar er naudsynt?

– Ein må ikkje ha noko, men ein bør jo ha ei utdanning innan grafisk/visuell design. På kunsthøgskulen i Oslo og Bergen kan ein ta visuell design, og grafisk design kan ein ta på fleire private skular. I tillegg reiser mange til utlandet for å ta utdanninga. Eg gjekk på Westerdals School of Communication i to år og hadde eit år med praksis før eg og nokre kameratar frå skulen starta Heydays saman.

Kva for utdanning og kvalifikasjonar er naudsynte for å bli arkivar?

– Av eigenskapar er det viktig å ha god formsans og å kunne tenke konsept og idè. Ein må òg vere litt perfeksjonist og nøye med det ein gjer og så er det viktig med mykje innsatsvilje for ein må jobbe mykje og hardt som grafisk designer.

Kva er det beste med yrket ditt?

– At det er kjekt og eg gledar meg til å gå på jobb kvar dag. Ein få utløp for mykje kreativitet og får bruke både hendene og hjernen.

Kva mislikar du mest med yrket ditt?

-At ein blir sittande veldig mykje framfor dataskjermen.

Kva andre arbeidsområde/mogligheiter fins innanfor ditt yrke?

– Det er jo mange forskjellige område å jobbe innan. I tillegg kan ein jo få seg jobb som lærar.

Kva kan ein forvente i løn i dette yrket?

– Som nyansett trur eg ein får frå 250 000 og opp. Frilansar ein kan ein sikkert tene opp mot millionen eller meir, men generelt trur eg ein tenar rundt 250-400 000 kroner.

Korleis ser du sjansane for å få jobb innan dette yrket?

– Det er ikkje dei beste mogligheitene akkurat no, men det ser ut til å ta seg opp igjen og det var ganske gode sjansar før krisa kom.

 

LES MEIR OM KORLEIS DU BLIR GRAFISK DESIGNAR!

 

TEMA: Les meir om yrkesval!