Jenta som gøymer seg i spegelen
Tor Arve Røssland (38) er aktuell med spenningsboka «Svarte-Mathilda».
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Målgruppa er ungdom og vaskesetelen vitnar om at hovudpersonen Elisabeth opplever både grøss og gru:
«Ei ung jente blir funnen knivdrepen i heimen sin. Mordet blir aldri oppklart. Leiligheita som var åstaden for mordet, står tom i 20 år. Når Elisabeth flyttar, tek det ikkje lang tid før ho ser ting mora ikkje ser, og høyrer kviskring mora ikkje høyrer».
Med god hjelp av klassekameraten Philip og bibliotekaren Viggo, byrjar Elisabeth å grava i historia rundt drapet. De kjem over legenda om den demoniske Svarte-Mathilda som gøymer seg i ein spegel, og som kjem dersom du kallar på henne.
Boka er gitt ut av Samlaget og blir marknadsført i fleire kanalar for å nå målgruppa. Til dømes er det råd å finna Svarte-Mathilde på fjesboka.