Fleire 16-åringar kan få stemme i Europa
Stemmerett for 16-åringar er eit heitt tema i Europarådet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I 2011 skal Noreg gjennomføre eit forsøk med stemmerett for 16-åringar i kommunevalet.
I byrjinga av september gjekk komiteen for politiske spørsmål i Europarådet gjennom fordeler og ulemper ved å innføre stemmerett for 16-åringar. Dansk ungdoms fellesråd (DUF) og medlem av Europarådet, Mogens Jensen, tok initiativ til dette.
Stor interesse
På heimesidene sine skriv DUF om at det etterkvart har blitt stor interesse i heile Europa for å senke stemmerettsalderen til 16 år.
KAMPSAK: Kva meiner du om stemmerett for 16-åringar?
Fleire land har innført stemmerett for 16-åringar allereie. I Austerrike kan dei stemme i alle val, medan 16-åringar kan stemme ved lokalval i fleire tyske delstatar. Og i Storbritannia sa både Labour og the Liberal Democrats i valkampen at dei ville jobbe for at 16-åringar fekk stemmerett.
Forsøk i kommunevalet
Neste haust skal norske 16-åringar i 20 kommunar og Longyearbyen få stemme ved kommune- og fylkestingsvalet.
– LNU vil jobbe for at forsøket blir vellukka, og for at fleire unge veljarar i andre kommunar skal bruke stemmeretten, skriv Landsrådet for Noregs- barne og ungdomsorganisasjonar på sine heimesider.
Faktaboks
20 kommunar og Longyearbyen lokalstyre er med i ei forsøksordning der 16- og 17-åringar får røysta ved kommunevalet i 2011.
Dei fleste landa i verda har røysterettsalder på 18 år, men fleire og fleire land har opna for yngre veljar. I fleire tyske delstatar har 16-åringar røysterett i lokalval. I både Østerrike, Brasil, Cuba og Nicaragua er røysterettsalderen 16 år i nasjonale val også.
I Bosnia, Serbia og Montenegro kan 16- og 17-åringar røysta viss dei har jobb. Av desse landa er det berre Cuba som har ein myndigheitsalder på 16 og ikkje 18.