Dette er kampsakene

Ungdommens nasjonalforsamling på Eidsvoll måndag.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Representanta til Ungdommens nasjonalforsamling har hatt ein travel måndag. Besøk på Eidsvoll med påverknadstorg og diskusjonar, mottaking i Oslo Rådhus før nye diskusjonar. Etter heftige stemmerunder om kvelden, har dei unge no avklart kva 10 saker dei skal arbeide med vidare utover kvelden. Berre halvparten av desse skal overleverast til stortingspolitikarane på Litteraturhuset tysdag ettermiddag.
 
Her er dei ti sakene representantane har blitt samde om, ifølgje bloggen til ungdomspanelet:
 
– Demokratiske medverknadsorgan for ungdom i kommune, fylke og nasjonalt
 
– Alt fravere skal på vitnemålet, men i kategoriar.
 
– Alle einslege mindreårige asylsøkarar skal under barnevernet (også 15 til 17)
 
– Førstehjelpsundervising i skulen
 
– Heve aldersgrensen for barnebillett fra 16 til 18 år
 
– Oljefondet ut av Repsol
 
– Fleire kommunale og fylkeskommunale lågterskel fritidstilbod for alle
 
– Gratis tannhelseteneste for alle 25 år.
 
– Grundig utgreiing av kollektivtilbod i heile landet

 – Auka bortebuarstipend og stipend i juni   

 

Kva synst du er dei viktigaste sakene for unge i dag?