Sag ei prinsesse i to

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Märtha Louise seier no at ho trur det er mulig å sage ei dame i to utan at dama tek skade av det.

Det er i eit intervju i ei regionavis at prinsessa kjem med denne oppsiktsvekkande påstanden. Prinsessa seier at ho sjølv har sett damer bli saga i to fleire gonger, og at det har gått bra kvar gong.

– Det er alltid det same som skjer: Ei dame legg seg ned i ei slags kiste. Ein fyr med paljettar og dum hatt sagar så både kista og dama i to. Dei to kistedelane blir så dregne vekk frå kvarandre, slik at alle kan sjå at hovudet til dama stikk ut av den eine delen, beina ut av den andre. Dama er rett og slett delt i to. Så blir dei to kistedelane sette saman igjen, kista blir opna og dama kjem ut, like heil! Ikkje ei skramme! Eg har sett det sjølv. Eg veit at det går an.

Tryllemiljøet er i harnisk.

Tryllekunstnarar som sjølve ikkje driv med damesaging rasar mot prinsessa. Torbjørno frå Foreninga For Kortkunstnarar og Duetryllarar seier at prinsessa bryt med alt foreninga hans står for.

– Det er ikkje noko problem å få kvite fuglar til å plutselig dukke opp i hattar eller å plukke kort ut av øyrene på folk, men å sage damer i to og så sette dei saman igjen er direkte useriøst, seier han.

Geiro Fredriksen i Illusjonister Uten Sag er enig:
– Å flyge er greitt. Å gå gjennom murveggar utan at det er hòl i veggen er heller ikkje noko problem. Og det går sjølvsagt godt an å få folk til å forsvinne. Men alle veit at det ikkje er mulig å sage ei dame i to.

Begge synest prinsessa sender ut farlige signal, og dei fryktar at vanlige menneske no vil begynne å sage opp damene sine.

Dei rasande tryllekunstnarane får støtte frå Trygve Hegnar som går til angrep på prinsessas sagesyn i ein raljerande kommentar der han mellom anna gjer greie for at prinsessa er gift med ein mann som for ganske mange år sidan skreiv ei bok som ikkje er spesielt lang.

Dette ville jo ikkje skjedd.

Dersom Märtha gjekk ut og sa at ho trudde på damesaging, så ville jo ikkje dette skjedd.

Unntatt det med Hegnar, sjølvsagt.

Men la no for all del han ligge.

Poenget er at tryllekunstnarar ikkje ville ha reagert sånn. Folk som lever av å gjere ting som eigentlig ikkje går an, driv ikkje og kritiserer folk som trur at det går an å gjere ting som eigentlig ikkje går an. Det seier seg sjølv.

Og kva kan vi lære av det?

Jo: At tryllekunstnarar har mykje meir sjølvinnsikt enn religiøse leiarar. Og Snåsamannen.

For ærlig talt, kor lite sjølvinnsikt har du når du er biskop og reagerer på at Märtha Louise snakkar med dei døde?

Jomfrufødsel? Ikkje noko problem.

Møter ungar gud dersom nokon skvettar vatn i trynet på dei tidlig i livet? Utvilsamt!

Men å snakke med døde går jo ikkje an!

Og Snåsamannen? Kor lite sjølvinnsikt har du når du er Snåsamannen og reagerer på at Märtha Louise snakkar med dei døde?

Sjå inn i framtida? Ikkje noko problem.

Gjere sjuke folk friske ved å mumle i telefonen? Peanuts.

Men å snakke med døde går jo ikkje an!

Det er tydelig at folk som trur på overnaturlige ting, har ei sterk tru på at deira eigne overnaturlige ting gir mykje meir meining enn andre overnaturlige ting.

Og det skal vi respektere. Folks tru skal ein respektere.

 

 

Denne artikkelen stod først på trykk i Dagsavisen 18. september