Ikkje lat elevane falle!

Anna Holm Heide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eit stort samfunnsproblem i dag er fråfallet i vidaregåande opplæring. Tre av ti fullfører ikkje vidaregåande opplæring på normert tid. Grunnane til dette er mange – alt frå at det er vanskeleg å finne motivasjon når ein ikkje har kome inn på fyrstevalet sitt, til at ein sliter med å forstå språket. Så kva kan ein gjere for å forhindre fråfallet? Korleis skal ein kunne setje seg inn i situasjonen til dei som fell frå? Ein ting er sikkert. For å løyse problemet med fråfall og få fleire til å fullføre vidaregåande skule er ein nøydd til å forstå kvifor dei fell frå – og då må ein høyre på elevane.

Det å starte på vidaregåande er ein stor utfordring for mange elevar. Nye undervisningsmetodar, meir valfridom, nye lærarar og ikkje minst nye medelevar, kan verke avskrekkande på sjølv den mest tilpassingsdyktige sekstenåring. Dessverre er det mange elevar som vel feil linje. Mangel på informasjon om skulen og linja ein vel gjer at nokon får ei overrasking når dei møter spent opp fyrste skoledag. Rådgivingstenesta er eit omdiskutert tema som elever, organisasjonar og politikarar har satt fokus på. Elevorganisasjonen meiner ho ikkje held mål, og i mange tilfeller gjev ikkje rådgivingstenesta det tilbodet elevane treng. For at fleire elevar skal velje riktig linje på vidaregåande og gjere overgongen frå ungdomsskulen til vidaregåande betre, er me avhengige av å ha gode rådgivarar. Rådgivingstenesta i skulen må styrkast ved å stille klare krav til formell kompetanse og auka tidsbruk. Tidsressursen per rådgivar må aukas til minimum ein 100% stilling per 200ande elev. For at elevane skal få eit best mulig tilbod må ein tilby ein sosialpedagogisk og ein yrkes- og utdanningsretta rådgivar på kvar skule.

Ei anna grunn til at elevar fell frå skulen sin er mangel på motivasjon. Kvifor klarer ikkje den norske skulen å holde elevar engasjerte gjennom 13 år, når skulen skal vere ein arena for motivasjon og læring? Opplæringa klarar ikkje å treffe alle, og den er ikkje tilpassa elevane etter deira føresetnadar eller behov slik den eigentleg skal. Skule-Noreg må også innsjå at tavleundervisning ikkje nødvendigvis er den beste undervisningsmetoden i klasserommet. Gjennom samarbeid og elevmedverknad må ein gjere tilpassa opplæring til ein grunnstein i den norske skulen. Vi i Elevorganisasjonen vil sjå at tilpassa opplæring får ein sentral rolle i den norske skulen, framfor at uttrykket vert slengd rundt utan meining og handling. For å kunne tilby den oppfølginga elevane hev krav på må det leggas til rette for at det er mogeleg. Det kan ikkje vere 30 elevar i kvar klasse dersom alle skal få individuell tilrettelegging – då blir tilpassa opplæring eit urealistisk krav. Likevel er tilpassa opplæring ein rett, og for å kome på god veg med målet kan ikkje klassene innehalde fleire enn 20 elevar.

For at fleire skal fullføre vidaregåande skule må ein sjå alle elevane. Dei som kjem frå andre land og ikkje forstår språket med det fyrste, dei som ikkje veit kva dei går til etter ungdomsskolen, dei som så gjerne vil lære og som har rett til det. Elevane må bli flinkare til å seie i frå og skulen er nøydd til å lytte med skjerpa øyre.