“Alle” kjenner ein fyllekøyrar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det går fram av ei fersk undersøking gjennomført i Stord, Fitjar, Odda og Etne, melder NRK.
 
Uroa lensmann
Politiet uroar seg over tala.

– Dei fortel at talet på fyllekøyrarar er høgare enn det me i politiet trur. Det likar eg ikkje, seier lensmann Roald Raunholm på Stord.

Han ønskjer seg at dei som kjem i ein situasjon med ein påverka sjåfør, skal hindra personen i å køyra.

– Ungdom må klart gje uttrykk for at dei ikkje likar fyllekøyring, seier Raunholm.
 
Veit lite om rattfyll
Sjølv om 17 prosent av dødsulukkene på norske vegar skuldast rus, veit forskarane lite om rattfyll.

– Den einaste undersøkinga der ein har funne ut noko er den gamle "Veikan-undersøkinga" frå 1981-82, seier forskingsleiar Rune Elvik i Transportøkonomisk Institutt i Oslo.

LES SAKA PÅ SUNNHORDLAND.NO!