Er jenter kjedelege?

Sigrid Z. Heiberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NULL

Eg var for ikkje lenge sidan på stand-up. Det er ikkje noko eg gjer særleg ofte, sidan det jo ikkje er noko som er flauare enn folk som står aleine på scena med ein mikrofon og prøver å få fulle folk til å le. Men av og til må ein jo bite fordommane i seg, og finne seg i å vere ein av desse fulle folka med ikkje alt for høge krav til underhaldning.

Denne kvelden var det 6 ulike stand-uparar (heiter det egentleg det? Stand-uparar?) på scena. Nokre var meir underhaldande enn andre, men alt i alt var det ein artig kveld, og det blei spøkt om både homofili, politikk og pulings. Kanskje mest det siste i grunnen. Av dei 6 stand-uparane var 100 prosent, eller 6 av 6 om du vil, menn. Og det fekk meg til å tenke på noko. Kjenner eg egentleg nokon morosame kvinner?

Eg kan liste opp ei lang rekke personlege favorittkomikarar; Bård Tufte Johansen og Harald Eia, Eddie Izzard, Seth Rogen, Knut Nærum, Dylan Moran, lista er lang. Men eg finn ingen kvinner på lista (i alle fall ikkje på topp ti, eller topp tjue. Det er mogleg at om eg gjekk opp til  hundre ville det dukka opp eit kvinnemenneske, men så langt gidd eg ikkje telje).

Er det berre eg som er kresen og ikkje likar dame-humor, kanskje? Det kan vere. Samstundes er eg jo dame sjølv (”dame” er kanskje for sterkt. Kvinnfolk passar betre), og tykkjer jo i grunnen at både eg sjølv og fleire av vennindene mine er rett så underholdande. Men me er kanskje mest festlege når me kun er saman oss jentene? Når me kan snakke fritt om tiss og bæsj og flaue episodar, snakke stygt om mannfolk og sleppe ein brakar av ein promp utan at nokon bryr seg.

For det er ikkje så lett å hevde seg verken i dagleglivet eller i humorbransjen, når ein er jente. Medan mannfolk kan spøke om alt frå sexpartnerar til sure sokkar, sjå ut som nokre takras eller oppføre seg som prepubertale idiotar, er det høgre krav som blir stilt til oss. For det største må damer vere slanke, pene og snille medan dei forsøker å vere morosame. Og dei kan ikkje spøke om korleis dei prøver å få seg eit nummer, for det blir jo berre trist. Og på toppen av det heile er ikkje våre kroppsdelar like morosame som menn sine. Det er tydelegvis berre slik det er. Ein kan le av penis, men ikkje av vagina. Ei naken mannerumpe er kjempemorosam, ei kvinnerumpe er berre vulgær (evt sexy, det kjem litt an på. Men ikkje morosam i alle fall!).

Kvifor er det slik? Det verkar ikkje rettferdig. Kanskje det er vår eigen feil, at me jentene ikkje torer å drite oss ut? Eller at me rett og slett er kjedelege, og ikkje har noko moro å komma med? Uansett tykkjer det er på tide å løsne litt opp i snippen og la mageflesket dingle. Me må alle gjere ein innsats for å late jentene vere morosame òg. Neste gong du ser ei damerumpe, tykkjer eg du skal le høgt.