Kjære Statsministerens Kontor

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NULL

For å få slutt på alt dette gåve-tullet, har Jens Stoltenberg pålagt alle statsrådane å skrive detaljerte dagbøker. Uavhengige observatørar skal følgje politikarane overalt, og lese, godkjenne og stemple dagbøkene kvar dag. Dagbøkene skal kunne leggast fram for dei som ber om det når som helst. Stoltenberg håper at denne nye openheita vil føre til at  politikarane no endelig klarer å oppføre seg som dei skal. Ordninga har vore i gang ei stund allereie, og her følgjer nokre utdrag frå dagbøkene. Eg har anonymisert utdraga. Fordi eg er skikkelig grei.

«Kjære dagbok. Nokon prøvde å gi meg eit smykke i dag. Fekk jernteppe. Korleis var dette igjen? Skal eg ta imot, bruke det og ikkje seie det til nokon? Eller skal eg ikkje ta imot? Ta imot? Ikkje ta imot? Ringde statsministerens kontor for å vere på den sikre sida. Puh. Neste gong skal eg hugse det heilt av meg sjølv. Garantert.»

«Kjære dagbok. Bestemte meg for å legge ned nokre lokalsjukehus i dag. Fint med slike dagar. No kan eg slappe heilt av og i alle fall vere sikker på at ingen har lyst til å gi meg gåver i dag.»

«Kjære dagbok. Hadde møte med xx om situasjonen i landet. Takka nei til kaffi. Takka under tvil ja til tilbodet hans om å sette meg på ein av stolane hans. Etter møtet tok eg bilde av stolen og sendte bildet til ein uavhengig møbel-takseringsekspert som meinte at stolen trulig var verd ca. 19 421 kroner. Eg satt på stolen i tjue minutt medan xx gjorde greie for dei raskt stigande dødstala. Altså 972 kroner minuttet, om ein rundar oppover. Og det gjer eg sjølvsagt. Fråsegna frå stoltakseringseksperten, bildet av stolen og telefonrekninga mi er sendt stortinget, statsministeren og skattesjefen.»

«Ingenting å rapportere. Absolutt ingen teikn til gåver i dag heller.»

(Okei då. Det er vel ikkje mykje vits i å anonymisere denne. Alle forstår vel at dette er henta frå dagboka til Terje Riis-Johansen.)

«Hadde eit møte med xx om kor mange barn frå krigsherja land det er greitt å ofre for å skåre poeng på innvandringsmotstand og bistandskutt i valkampen, og eventuelt kva barn det vil vere best å ofre. Fint møte. Etter møtet prøvde ho å gi meg ei flaske vin. Eg sa nei. Okei, sa ho, men kan eg i alle fall få ta deg i handa? Det sa eg var greitt. Etter at ho hadde tatt meg i handa, ringde eg skattestyresmaktene, statsministerens kontor, fylkesmannen, mitt lokale lensmannskontor, VG og – for sikkerheits skuld – rektor på skulen til sonen min. Eg fortalde dei alle at eg hadde tatt imot eit handtrykk. Rektor blei noko forundra over telefonen. Fylkesmannen verka mest irritert. Han eg snakka med i VG spurde om dette var meint som ein spøk. I så fall, sa han, viser det at eg er arrogant og ikkje tek dei siste vekenes alvorlige avsløringar seriøst. Han sa han måtte undersøke litt meir for å finne ut kor alvorlig dette eigentlig var. Eit par minutt seinare ringde han tilbake og fortalde at han hadde snakka med ein annan som jobbar i VG som syntest denne spøken viser at eg har sviktande dømmekraft og manglar respekt for media og vanlige folks rettskjensle. Så no var dette ei alvorlig sak, sa han, og la til at alle dei politiske redaktørane i landet var enige. Eg påpeikte at han umulig kan ha ringt alle dei politiske redaktørane på denne korte tida. Det er ikkje nødvendig å ringe dei, fnyste han, dei politiske redaktørane er alltid enige. Eg forstod alvoret og la meg flat. Etterpå ringde eg skattestyresmaktene, statsministerens kontor, fylkesmannen, mitt lokale lensmannskontor og rektor på skulen til sonen min, for å fortelje dei at eg nettopp hadde tatt imot ein telefonsamtale frå VG, at eg var innstilt på å skatte av denne telefonsamtalen, og at eg sjølvsagt skulle gjere alt i mi makt for å finne ut kor mykje denne telefonsamtalen var verd og så hugse denne summen på øret resten av livet.»

«Nok ein god dag. Gjorde ingenting. Fekk ingenting.»

«Sitt her framleis. Ingen teikn til gåver i dag heller. Hadde vore fint med noko symbolsk, i alle fall! Som eg kan takke nei til. Har øvd meg på å takke nei. Trur Jens vil bli fornøgd med meg.»

 

 

Denne artikkelen stod først på trykk i Dagsavisen 11. september 2010.