Ulovleg i Noreg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NULL

Fleire europeiske land har gjeve amnesti til papirlause innvandrarar. 1,7 millionar menneske utan ID-papir har fått lovleg opphald i Europa sidan 2003.

– Det er som om eg har eit stort stoppskilt framfor meg, heile tida, heilt frå eg står opp om morgonen. Stoppskiltet står i vegen for alt eg gjer, og alt eg vil, fortel Pedram.
Han er 22 år. Velkledd, med blå skjorte og kvit vest. Glattstrokne snippar. Han gjekk ut frå vidaregåande med 5,4 som gjennomsnittskarakter. Han snakkar godt norsk og har budd her i seks år. Pedram prøver å forklare korleis det er å vere ulovleg i Noreg. Både han, foreldra og veslebroren er utan lovleg opphald i Noreg. Dei er papirlause.

Pedrams familie er kurdarar. Faren var politisk aktiv i eit kurdisk parti. Han meinte at han var politisk forfølgd av styresmaktene i heimlandet, og at han trong vern. Det meinte ikkje norske styresmakter. Faren fekk avslag på asylsøknaden sin. Sidan fekk familien avslag då dei søkte om å få bli, med tilvising til føresegna som seier at barn som har vore i landet i meir enn tre år, det juristane kallar «lengeventande barn», kan få opphald.   

– Vi fekk avslag fordi utlendingsnemna meinte at vi barna var meir knytte til heimlandet enn til Noreg. Då var eg sytten, og veslebror min åtte, fortel Pedram.
Familien vart likevel verande. No har Pedrams veslebror blitt elleve år. Seks av desse åra har han budd i Noreg.   

Ulovleg norsk
I dag lanserer Pax forlag boka Ulovlig norsk, skriven av ei jente som har opphalde seg ulovleg i Noreg i åtte år. Sist veke starta norske humanitære organisasjonar, med Norsk Folkehjelp i spissen, kampanjen «Ingen mennesker er ulovlige», der målet er at fleire papirlause skal få opphald. Ingen veit kor mange som er i Pedrams situasjon, som er i landet utan å ha dei rette papira. Statistisk sentralbyrå har rekna talet til å vere 18.000. Jan Ole Martinsen i organisasjonen Selvhjelp for asylsøkere og flyktningar (Seif) trur at talet er for høgt. Gjennom Seif har han hatt mykje kontakt med papirlause. Han meiner at det reelle talet ligg mellom 5000 og 10.000.

Frankrike
– Ettersom eg er papirlaus, hadde eg ikkje rett til å gå på vidaregåande skole, fortel Pedram.

Han var heldig og fekk skolegang likevel. I dag studerer han ved Universitetet i Oslo. Det har han heller ikkje rett til. Frykta for å miste studieplassen er grunnen til at han ikkje vil stå fram med fullt namn og bilete.
Hadde Pedram kome til Frankrike og ikkje til Noreg i 2004, ville han hatt rett på opphald der i dag. I Frankrike har barn som kom til landet før dei var femten, rett til å få opphald om dei har gått på skole før dei fylte atten.

Amnesti
Noreg ser ut til å vere i takt med resten av Europa i asylsaker. Det er vanskeleg å søkje om asyl, og den generelle regelen i EU er at amnesti ikkje skal bli gitt. Men det skjer likevel, og det skjer i stor stil.

Ein rapport frå International Centre for Migration Policy Development (ICMPD) frå 2009 viste at det vart gjennomført 22 program for amnesti i Europa mellom 2003 og 2008. Til saman har 1,7 millionar papirlause fått lovleg opphald i Europa som følgje av slike program. Rapporten slår fast at minst 126.300 tidlegare asylsøkjarar har fått bli som følgje av amnesti.   

Variert gruppe

Dei papirlause er ei brokete gruppe og inkluderer både arbeidsmigrantar og avviste asylsøkjarar. I rapporten frå ICMPD går det fram at programma som blir gjennomførde i Sør-Europa, vanlegvis handlar om å gje lovleg opphald til folk som er i jobb. Særleg kjend er Berlusconis storstilte amnesti til 600.000 papirlause innvandrarar i åra 2002–2003, men også Spania og Hellas har gjennomført liknande program. I Nord-Europa har programma vore spesielt retta mot tidlegare asylsøkjarar. Pådrivarane for amnesti har vore humanitære og idealistiske organisasjonar.   

Wilders-landet
Nederlands amnesti i 2006 er eit skoleeksempel på dette. I dag er landet meir kjent for valfram­gangen til den kontroversielle islamkritikaren Geert Wilders enn for den rause asylpolitikken sin. Men for berre tre år sidan fekk 30.000 avviste asylsøkjarar lovleg opphald i landet. I tida før amnestiet gjekk den sitjande konservative regjeringa, med integrasjonsministeren Rita Ver­donk i spissen, inn for ei storstilt utvising av papirlause. Som ledd i dette vart avviste asylsøkjarar, også barnefamiliar, kasta ut frå asylmottak. Somme enda opp i mellombels bustader finansierte av humanitære organisasjonar og lokale styresmakter, andre vart kasta på gata. Dei mest uheldige vart plasserte i eit strengt vakta interneringsfengsel ved flyplassen Schiphol.

I desember 2005 førde ein brann i fengslet, påsett av ein av dei internerte, til at elleve av dei innsette døydde. Dei som overlevde, fortalde etterpå at dei var innelåste på cellene sine i opptil 45 minutt før fangevaktarane låste dei ut, slik at dei kunne kome unna røyken og flammane. Fangevaktarane skal visstnok ha frykta at dei internerte ville nytte kaoset til å stikke av. I denne tilspissa situasjonen starta frivillige organisasjonar ein kampanje for amnesti. Kampanjen fekk breitt gjennomslag i ålmenta. Krava fekk også innpass i programma til opposisjonspartia. Opposisjonen vann valet i 2006. Og då koalisjonen av kristendemokratar og Arbeidarpartiet overtok regjeringskontora, starta arbeidet med å lage regelverket for amnestiet.

Apatiske barn
I Sverige fekk 17.000 tidlegare asylsøkjarar bli etter ein amnestikampanje i 2005. Her var det kyrkja som var pådrivaren. Utgangspunktet var også her svært dramatisk: Det handla om dei såkalla apatiske barna, eit fenomen som likna ein epidemi. Meir enn fire hundre tilfelle vart rapporterte. Dei apatiske barna var utan krefter og gjerne sengeliggjande. Ofte klarte dei ikkje eingong å ta til seg næring, men måtte matast med sonde. Felles for alle barna var at foreldra var avviste asylsøkjarar. Engasjementet til kyrkja starta med at den dåverande erkebiskopen Karl Gustaf Hammer sende eit brev til regjeringa før jul i 2004 der han spurde: «Kva skjer med oss om vi lèt det gå gale med barna? Kva skjer med deg og meg om vi blir tvinga til å lære oss å vere blinde for barnas behov for å orke å gå vidare?»

Den svenske regjeringa såg bort frå brevet. Men brevet frå biskopen vart opptakta til ein storstilt kampanje for amnesti, som inkluderte det som truleg er Sveriges største underskriftskampanje. Hausten 2005 sa den svenske riksdagen nei til amnesti. Nokre månader seinare vart amnestiet likevel gjennomført. Årsaka var at den sitjande sosialdemokratiske regjeringa trong støtte frå opposisjonspartia Vänsterpartiet og Miljøpartiet for å få fleirtal for budsjettframlegget sitt.

Eksemplet Belgia
Belgia har gjennomført ikkje berre eitt, men fleire amnestiprosjekt på 2000-talet. Det siste vart gjennomført på hausten i fjor. I perioden frå 15. september til 15. desember 2009 kunne papirlause søkje om opphald. Det vart sett ei rad avgrensingar for kven som kunne søkje: Mellom anna måtte ein ha budd i landet i minst fem år, i tillegg måtte ein kunne vise at ein var integrert. Om det var barn involvert, måtte dei ha gått på skole. Så mange som 25.000 menneske fekk opphald som følgje av amnestiet, ifølgje organisasjonen Platform for international cooperation on undocumented migrants (Picum).

Også i 2000 gjennomførde Belgia eit amnesti for papirlause. Ei undersøking gjennomførd av universitetet i Antwerpen i 2008 konkluderte med at heile det belgiske samfunnet tente på tiltaket. To tredjedelar av dei tidlegare papirlause hadde klart å finne ein jobb og var blitt skattebetalarar. 10 prosent arbeidde heime, medan 13 prosent var arbeidslause.

Også Frankrike har gjennomført fleire amnesti. I 2009 fekk 20.000 papirlause opphald, ifølgje den Brussel-baserte organisasjonen Migration Policy Group. Året før fekk 22.000 papirlause opphald. Grunnane til at dei fekk opphald, var varierte: somme av omsyn til familien, andre av humanitære grunnar og andre igjen fordi dei kunne vise til at dei hadde ein jobb.   

Papira som manglar
Pedram håpar på ei framtid med papir.

– No er det som om vi ikkje høyrer til nokon stad. Vi er ein stad mellom verda og Noreg. Vi får ikkje opphald, og vi kan ikkje reise tilbake.
Han meiner at familien ikkje kan vende tilbake til heimlandet. Den politiske situasjonen for kurdarar i heimlandet er ikkje endra sidan familien reiste i 2004. Trass i at han har mykje å gjere som student, fortel han at det ikkje er noko tidspunkt på dagen at han ikkje tenkjer på at han er papirlaus.

– Ein kan jo aldri planleggje framtida. Kvar augneblink av dagen veit eg jo at vi kan bli tvinga til å reise tilbake, seier Pedram.

LES SAKA I DAG OG TID!