– Fleire unge bør stilla til val

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NULL

Ved kommunevalet for tre år sidan var det totalt 3432 unge under 25 år som stod til val. 396 av dei fekk nok røyster til å koma inn i kommunestyret. Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå.
Leiar i Alstadhaug Unge Høgre, Tore Vikedal, reagerer:

– Det er ikkje så lett for ein 16-åring å snakka om ei sak han bryr seg om til ein 55-åring, enn ein som er 20 år.

Nominasjonen er enno ikkje ferdig i heimkommunen hans, men han er lova ein fjerde eller femteplass på lista. Partiet har i dag sju representantar inne i Alstadhaug kommunestyre.

Den siste tida har han vore aktiv på fleire skuleaksjonar i regi av partiet.

– Det er viktig ikkje berre berre for å få veljarar og medlemmer, men òg for å snakka med folk og finna ut kva andre unge er opptekne av, understrekar han.

Han tykkjer det er viktig at unge òg får koma med innspel, og viser til at elevråd i kommunen blei involvert då ny sentrumsplan skulle lagast.