mariell øyre (20) skapar ei eiga verd av små bokstavar, hjartesmil og kvardagsleg lukke. det har gjort henne til eit nynorsk førebilete.

Judith Sørhus Litlehamar, LNK.no
Judith Sørhus Litlehamar, LNK.no
Faktaboks

namn: mariell øyre
alder: 20
bur: oslo, kjem frå øvre årdal
aktuell: skriv den mest leste nynorskbloggen i verda, kjem no med eigeprodusert magasin.
les: history of love av nicole krauss. ei av mine favorittar, sommaren er ei fin tid til å lese opp igjen bøker.
høyrer på: the smiths. no og for alltid, men spesielt på sommaren.
førebilete: alle dei ansiktslause som hoppa og trudde dei kunne fly og aldri såg seg tilbake. folk som tek sjansar og ukonvensjonelle val og ikkje bryr seg om dei vaksne.

 

andre bloggar på nynorsk:

haustljos.wordpress.com/
botnfall.blogspot.com/
altgodt.wordpress.com
bandanders.org
henriksinn.wordpress.com
arild.paraply.org
saetre.wordpress.com/
tritonus.blogg.no
spatz.blogg.no
graasona.blogg.no
kvalogactionfilm.blogspot.com
martotopia.blogg.no
dean.blogg.no
trinemariejohansen.blogg.no
berrealt.blogspot.com
maalmannen.blogspot.com
sveino.blogspot.com
kvitter.blogg.no
steinraus.wordpress.com

veit du om andre? del dei i kommentarfeltet!

lag din eigen blogg!

LES FAKTALUKK FAKTA

 – vil de la intervjuet stå med små bokstavar, litt som ein hyllest til estetikken min?

spørsmålet kjem frå suksessbloggaren mariell øyre, som skriv noregs mest populære blogg på nynorsk. på bloggen hjartesmil skriv ho om bryllaupsførebuingar, tedrikking, filmar, daglege utfordringar og kva som skjer i livet hennar. og alt det fine og vakre skriv ho med små bokstavar.

– for meg er det vakre noko som fører hjernen inn i ein prosess som inspirer meg og får meg til å tenkje vidare. eit bilete kan vere pent å sjå på, men ikkje gi meg noko meir enn det. ein mann kan vere kjekk utan å vere starten på ei novelle, liksom. det vakre er det som skaper. sofia coppola-filmar, anna gavalda-bøker og folk med krøller på trikken er vakre.

lesarane strøymer til hjartesmil. med 5500 unike treff i veka er bloggen blitt ein viktig del av mange sin kvardag. og tekstane strøymer til mariell.

– eg set meg aldri ned for å skrive, det berre kjem til meg. på mobilen har eg seksti utkast i form av tekstmeldingar og notat som berre kjem til meg når eg går forbi nokon på gata. eg er så nysgjerrig at hjernen min spinn rundt absolutt alt som skjer rundt meg. eg kan gløyme å gå av trikken fordi eg lurer på kva han som sit ved sidan av meg, har i kjøleskapet, eller om han vaskar klede kvar tysdag eller meir sporadisk. eg kan skrive om alt, men det er mange tekstar som ligg altfor nær hjarta, og som ventar på at eg skal bli modig nok til å vise dei til verda.

ho har vore fasinert av nettet sidan familien fekk heim sin første pc i 1998. som 11-åring bygde ho nettsider med html-kodar og meinte google var det beste som fanst.

– så når bloggverda opna seg for meg, var det berre ei utviding av det fantastiske forholdet mitt til nettet. eg trengte ein plass å få utløp for alt det vakre eg fant rundt omkring, og i starten var bloggen mest nettopp det: å poste fotografar som inspirerte meg. etter kvart ville lesarane ha meir av meg og mindre av andre, og da vart det slik det er no: litt kunst og mest kvardag.

og lesarane skriv på bloggen hennar og, ikkje minst, sender ting i posten. fine ting som hårband, vasskanner og sløyfer.

– fleire gonger i veka dumpar det ned brev og små pakkar i posten. dei sender meg dei søtaste små tinga: snop frå kina, postkort med fine bilder på frå paris, lauskragar dei trur eg ville lika, lange historier om einhjørningar og om hundar som alltid er kvalpar. eg er så himla takksam for den fantastiske lesarskaren min. det er nesten uforståeleg at dei sit på parkettgolv rundt omkring i land og utland og skriv brev til meg, og eg trur aldri dei kan fatte kor viktige dei er for meg. ofte får eg òg e-post av jenter med knuste hjarte. eg er av ein eller annan grunn blitt dr. love, men det er ganske fint å tenkje på: at det er meg dei vender seg til når dei har så vondt og berre treng nokon som seier det skal gå over, at dei snart skal finne ein med krøller som luktar kanel bak øyret.

sjølv fann ho kjærleiken alt som 14-åring. i dag er ho og kjærasten, jostein avdem fretland, sambuarar i Oslo. for ikkje så lenge sidan trulova dei seg også.

– det er så himla fantastisk, langt forbi noko eg kunne ha forestilt meg. me er som nyforelska og snakkar om kjærleik og bryllup heile dagen lang. det er eit vendepunkt i livet på nokre måtar, men samtidig så har eg alltid visst at det skulle vere han, heilt sidan eg var fjorten år, så det er meir ei stadfesting enn eit vendepunkt.

mariell har planane for framtida klare. i februar flyttar ho til paris for å lære fransk, så blir det fotoskule i london hausten 2011.

– det er fotograf eg skal bli. kanskje jobbar eg litt som journalist og kanskje litt i magasinverda i mellomtida, men det er ikkje før eg har hatt vernissage med champagne, og bileta mine heng store og stolte på veggen i eit fint galleri med mange raude prikkar ved sidan av seg, at eg vil ha oppnådd det eg ville.

– eg vil skrive bøker og vere med på meir magasinjobbing og planlegge bryllup. framtida er heldigvis lang.

sjølv ser ho opp til kunstnaren sophie calle og forfattaren frode grytten.

– sophie calle er favorittkunstnaren min og har gjort så mange ukonvensjonelle ting og blitt sett rart på på så mange måtar, men no er ho ein hylla kunstnar verda rundt, og det gir meg håp i magen. frode grytten er den einaste forfattaren eg veit om, som kan få bokmålsfolk til å lese heile bøker nesten utan å merke at dei er på nynorsk.

for mariell er nynorsk heilt naturleg. ein del av den ho er.

– det er ikkje før dei siste åra at eg har byrja å tenke over at språket faktisk kan bety noko meir enn berre kommunikasjon. eg er frå sogn og snakkar ein av dialektane som ligg nærast opp mot nynorsk, men har nok tatt det litt for gitt før. bokmål har aldri vore eit alternativ, å skrive vi i staden for me var aldri noko eg tenkte over, før eg byrja på firda og byrja å omgi meg med nordfjordingar som ikkje kunne forstå at det var lov å skrive me. no er eg så glad for at eg får lov til å skrive nesten akkurat sånn som tankane mine snakkar, og for at eg får lov til å kjempe litt for nynorsken kvar dag.

men å skrive ein blogg på nynorsk betyr at det er vanskelegare å kome opp og fram. nokre gonger så vanskeleg at mariell føler seg som nynorsken sin superhelt og burde hatt ei eiga drakt på medan ho i følgje seg sjølv prøver å selje frode grytten og anna gavalda til folket.

 – er det nokon som seier noko på språket ditt?

– omlag ein gong i året får eg ein eller annan kommentar som at nynorsk er stygt, veldig elegant. men fleire gonger i månaden får eg e-post og kommentarar frå folk som er så glade for at eg skriv nynorsk. mange skriv at dei hata nynorsk før, men at dei har fått eit heilt anna forhold til det etter at dei kom over bloggen min. det varmar i magen.

– men kva må til, trur du, for å styrkje nynorsken?

– eg trur ein må satse meir på levande nynorsk, nye forfattarar og levande medieformer som nettet, film, teater, musikk og magasin. no følest nynorsk så høgtideleg for mange, arkaisk og tungt, og det er ikkje slik forholdet mitt til nynorsk er i det heile. noreg må sniknynorskinfiserast, heilt enkelt, gjennom populærkulturen og ikkje gjennom å lokke med kjeks og druer og loddtrekning. nynorskmiljøet er for lukka, for vakse, i all fall slik eg opplever det, og sånn bør det jo ikkje vere. den eldre garden må henge seg på og støtte dei unge og hippe nynorskingane for å spreie bodskapen, og ein kan starte med å gi meg, og ikkje berre språkrådet – svigerfar min ( jan olav fretland red.merk) – billettar til premiereframsyningar på det norske teatret.

som barn i øvre årdal las ho veldig mykje og levde seg heilt inn i andre sine liv og andre univers.

– eg var nok veldig drøymande av meg. etter sofies verden prøvde eg å overbevise mamma om at sofaen ikkje var ein sofa, eg skreiv dikt til 17. mai-feiringa, vann bokkonkurransar og anbefalte dei andre i klassen min bøker på biblioteket. bøker som hadde stor font, var best.

det var starten på eit liv som kunstnar, fotograf, skribent og bloggar. no er ho også aktuell som redaktør for eit eige magasin med eit opplag på 8000.

– kunstnaren mariell held korta tett til brystet. eg har veldig klart for meg i hovudet korleis eit bilete eller ein serie skal sjå ut, og så teiknar eg for å få ideen meir handfast før eg til slutt, og det kan ta veldig lang tid, gjennomfører det. eg blir sjeldan nøgd, men kjem i ein slags fødselsdepresjon kvar gong, noko som gjer at det tar tid før eg kan setja pris på arbeidet eg har gjort. inspirasjonen finn eg absolutt over alt, midt i ein setning eller på omslaget av ei bok. eg har alltid vore hyperaktiv og har alltid tusen små idéspirer i hovudet samstundes. framover vil eg jobbe mot å få trykt bilete i eit magasin, då hadde eg følt meg som den kulaste i verda.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.27

LES OGSÅ

ANNONSE