Unge sjåførar og passasjerar vart inviterte til å prøva Statens Vegvesen sin «bråstopp» i sju kilometer i timen.

– Eg har ikkje ord, for nokre pyser seier Thomas Brekke til kompisane sine, etter at han hadde prøvd simulatoren som skal simulera ein bråstogg i sju kilometer i timen på Voss denne veka.  

Rundt ti ungdommar hadde teke oppstilling rundt «bråstoppen» men berre ein av dei våga å prøva.

– Dette var ikkje noko å snakka om, seier Thomas Brekke etter han og Jostein Finne i Statens Vegvesen testa ut korleis det er å få ein bråstogg. Rundt står kameratane og gliser, men ingen av dei våga prøva, så lenge «Hordaland» var på staden.

Brukar bilbelte
Dermed laut dei alle tola å høyra at dei var pyser som ikkje ville opp i stolen.

– Brukar du bilbelte når du er ute å køyrer?

– Det gjer eg alltid og eg seier også i frå om kompisane mine køyrer for fort eller ikkje har bilbelte på seg, seier Brekke. Han tykkjer denne informasjonen som Statens Vegvesen gav dei fredag kveld var både nyttig og lærerik.

Informasjon
Denne aksjonen er ikkje meint som nokon peikefinger retta mot ungdommane, men derimot informasjon og samtalar med ungdommar i alderen 16 til 24 år for å få dei til å tora å seia i frå til sjåføren om det er naudsynt, fortel Jostein Finne i Statens Vegvesen, samstundes som han deler ut vatn og sjokolade til ungdommen.

 

Av Frode Rene

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.27

LES OGSÅ

ANNONSE