– Menn bør ikkje få lappen før dei er 23

DEBATT: Bør aldersgrensa for å køyra bil bli høgare?

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NULL

– Unge menn er ikkje berre uerfarne sjåførar, men òg umodne menneske, seier seniorforsker Dagfinn Moe til Bergens Tidende.

Moe er seniorforsker ved avdeling for transportsikkerhet på SINTEF, og har dei siste åra sett nærare på korleis ungdomshjernen er i endring. Konklusjonen er at unge menn har problem med å vurdere risiko og tenkja over konsekvensar.

– Det er frontallappene i hjernen som styrer desse vurderingane, og dei er ikkje modna før i 25-årsalderen. Ungdom tek risikable val på mange arenaer. Skilnaden er at i trafikken kan det gå veldig gale, seier forskaren, som sjølv jobba som trafikklærar i studietida.

LES ÒG: Torde ikkje krasja

Trygg Trafikk kan ikkje svare på om dei støttene denne tanken no, men tiltak må til.

– Skal vi redde fleire liv, må vi gå inn i ein større debatt om dette. Det er ei utfordring å finne fram til tiltaka som virkar best. Dei er gjerne dei mest populær fordi det avgrensar fridomen. Ikkje å få køyre når du vil, så tidleg du vil eller såg fort du vil, seier distriktsleiar i Trygg Trafikk i Sør-Trøndelag, Bård Morten Johansen til NRK.no.

– Når ei svært utsett gruppe ikkje får høve til å delta i den aktiviteten som er farleg for dei, så vil fleire overleve. Utfordringa er at eit slikt tiltak vil ramme alle, òg dei som oppfører seg ganske bra i trafikken, og det er jo dei fleste, seier Johansen.

 

Kva meiner du? Bør det vera høgare aldersgrense for å køyra bil for menn? Eller er det andre tiltak som er meir målretta? Diskutér under!

Faktaboks

Ungdom med ferskt førerkort har 40 gonger høgare risiko for å kollidere eller køyre utfor vegen, ifølgje Trygg Trafikk.

Transportøkonomisk institutt har regnt ut at menn i alderen 18-20 år har den høgaste risikoen, følgt av menn over 75 år og kvinner frå 18 til 20 år.

Normalt er ein av fire som døyr i trafikken mellom 16 og 24 år, men delen har vore høgare dei to siste åra. I fjor var ein av tre under 25 år.

Sjå òg serien Døden på veiene på bt.no!