Kjempekult

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik er det kvart år. Med nasen planta i pensum i mai og vekkeklokka på sju i januar,  trur vi på sumaren. Bading, båting, grilling,  sumarflørtar og festing til 7 om morgonen. Nesten Svenske tilstandar, der dei alltid er brune, spring på svaberg, er på hagefest og heng omkring på Saltkråkan. Sumaren vert aldri slik. Du jobbar alt for mykje, ser dumme reality-program på TV og søv. Slik du gjer resten av året.
Denne teksten har overskrifta kjempekult, sjølv om eg ikkje heilt veit kva det er. Eg trur det liknar på noko frå amerikansk film, norsk film eller Paradise hotell –  gitar, olabukse, segling og Max Manus, er noko av det Google meiner er kjempekult.

Ikkje før sumaren er over, kjem studiestart og fadderveka. Kanskje går du på skulen eller på kontoret. Eller du har vorte student, og kome inn på Tverrfaglige kjønnsstudier, Astronomi eller lesesalen, og dette skal verte den feitaste fadderveka nokon sinne. Helst skal du få 100 nye bestevener, drikke det sanselaus med menneske du eigentleg ikkje kjenner og ralle rundt i gatene med desse. Kanskje vil du ikkje på disko med solbriller, cowboyhatt og raud nase? Kanskje vil du verte kjent med kyrne der du studerar, og drikke tekoppen din i fred.

Livet er fullt av ting som skal vera kjempekult – nachspel, russetid, festivalar og nyttårsaftan. Nachspel berre hamna du på, ein gong denne sumaren eller i fadderveka. Du veit det ikkje er lurt å drikke brennevin klokka fire om morgonen, personen du ville reise med er ikkje der, og så berre sovnar du.

Nyttårsaftan er essensen av brotne forventningar. Eg har enno ikkje møtt nokon som eigentleg likar nyttårsaftan. Men definisjonen er glamour, god mat og høge heler. Det er eit renn frå sumarferien av, kvar folk skal og kven andre ein kan møte der. Det endar med at den høge hælen knekk i snøen, for mykje champagne og rakettar i uviss retning.   Innerst inne, har vi like lyst til å sove og sjå på dumme reality-program i reprise.

Men neste sumar, då vert alt mykje kulare. Du skal i alle fall springe på høge fjelltoppar, verte brun og få med deg årets sumarlåt før september(var det Ambitions i fjor?)

Vi skal stort sett ha det kult heile tida. Vi er besette av kjempekult, men er dette heilt bra? Kva med alt som ikkje er kjempekult, men stas likevel? Rydde i klesskåpet, bake serinakaker, gnikke på ei fele(det har kanskje vorte kjempekult) eller danse ein dans du ikkje kan. Det handlar litt om slike djupe ting, som brotne forventningar. Litt om å ha det bra, utan å ha det kjempekult. Eg vil slå eit slag for det ingen ser på som kult(no kan eg aldri vite, sidan eg ikkje er kjempekul) Men slik som å vitje bestemor, legge seg tidleg og tusle omkring i ein kornåker.

Den næraste framtida er hausten. Då kan vi vera så melankolske vi berre vil, utan at det gjer noko. Bruke heile dagar på å sjå på film under ullteppe, ete Nonstop og sove, utan at nokon tykkjer det er rart. Hausten er vakker og melankolsk, men ikkje kjempekul. Framtida kan altså berre verte strålande!