Frå stjernesmell til tv-stjerne

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den karismatiske forfattaren og ølensbuen har fått meirsmak på eit edrueleg utgiftsnivå. I vår fekk Agnes Ravatn frå Ølen ei overrasking då ho opna brevet frå skatteetaten. Der vart ho informert om at ho måtte betale tilbake 167.000 kroner i restskatt.

Dette høyrest kanskje ut som ei umogleg oppgåve, men Ravatn har kasta seg rundt og snudd livsstilen sin på hovudet.

– Eg lever på mellom 20 og 30 kroner til dagen, fortel 27-åringen til Grannar.

Som ein førehandsregel har ho lagt vekk bankkortet sitt, og lever berre av kontantar som kjem inn. I tillegg til å jobbe for Dag og Tid har ho teke ymse strøjobbar på sida for å tene til livets opphald, og til å betale ned restskatten.

– Eg lever stort sett frå hand til munn, forklarar ho vidare.

Ravatn har heilt tydeleg teke utfordringa på strak arm, og det høyrest ut som ho faktisk har fått litt sansen for sin nye levemåte.

Mindre sosial aktivitet
– Eg er overraska over kor lite pengar ein kan leve på. Det har gitt meirsmak, påpeikar den eksentriske forfattaren.

For 20 kroner til dagen kjem ikkje akkurat middagane i gourmetform. Ho framhevar tunfisk som ein gjengangar på middagsbordet, då det er ein av få ting som både er billig og sunt.

– Det er vanskeleg å finne noko som er billig, og som er sunt i tillegg, seier ho.

Det største minuset med hennar strame økonomi er at det pregar hennar sosiale liv i stor grad. Det vert ikkje like lett å delta i sosiale samanhengar når sparinga står i høgsetet.

– Det er mange som har lyst til å spandere på meg, men det tykkjer eg ikkje er så kjekt. Det beste er å sitje heime, men det er ikkje akkurat så spanande det heller, reflekterer ho.

Sjølv om ein edrueleg livsstil har gitt meirsmak er ho klar på at visse grenser eksisterar. Ho meinar at folk brukar dei pengane dei har, uavhengig av kor mykje det måtte vere.

– Det er jo kjedeleg å ha mykje pengar ståande på konto, seier den nyfrelste spararen.

80.000 innan oktober
Det er trass alt mange lyspunkt å finne for Ravatn, som er i gang med eit samarbeid med Bård Tufte Johansen og Harald Eia i NRK. Desse to er etter mange si meining Noregs to største humoristar, og har humorprogram som Team Antonsen, Uti Vår Hage og Åpen Post på merittlista. Ravatn kan ikkje røpe for mykje om planane ho og dei to humoristane har, men lettar likevel litt på sløret.

– Det skal vera eit humorprogram der eg skal vere reporter og ha ulike innslag, forklarar ho.

Inntrykket ho har av dei to tv-stjernene er utelukkande positivt, og ho gler seg til å ta til på tv-jobbinga. Hovudfokuset ligg likevel no på å betale 80.000 kroner av restskatta til oktober.

– Det trur eg skal gå greitt, stadfestar forfattaren, journalisten, og nå tv-reporteren til Grannar.

 

LES HEILE SAKA HJÅ GRANNAR!

Faktaboks

Agnes Ravatn (f. 1983) er forfattar og journalist frå Ølen i Vindafjord. Ho debuterte med romanen Veke 53 i 2007. Her møter vi den middelaldrande, skilde lektoren Georg Ulveset, som innser at han er misfornøgd med dei fleste vala han har teke i livet. I 2008 kom den svært utradisjonelle utgivinga Ikke til hjemlån, med høgdepunkt frå undergrunnsfanzinen som Ravatn var ein av drivkreftene bak.

I essaysamlinga Stillstand, frå 2009, skriv Ravatn ein serie essay med utgangspunkt i situasjonar der ingenting skjer. Resultatet har blitt eit humoristisk og sivilisasjonskritisk portrett av Noreg, med høg gjenkjenningsfaktor.

Ravatn bur i Oslo og arbeider som journalist i Dag og Tid.

Kjelde: Samlaget