Sommar-plagene

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NULL

Det er forståelig at folk i regjeringspartia har brukt ein del av sommarferien til å vere sinte på Bjarne Håkon Hanssen. Noko skal ein irritere seg over om sommaren også. Vêret er litt opplagt, vêrmeldingane også. Ein kan sjølvsagt irritere seg over alle tv-programma som insisterer på å markere sommaren ved å flytte ut på tak for å intervjue folk i vind, men ein kan også berre la vere å sjå på. Og ein kan, som ein del av dei som lagar førstesider, irritere seg over alle småkrypa som gjer livet surt for vanlige menneske om sommaren, som knotten, flåtten, hjortelusfluga, monsterknotten, dinosaurflåtten, tigerflåtten, kjøtetarblodsugarknottflåttfluga og kvepsen. Men det blir kjedelig i lengda.

Og då står ein der med Bjarne Håkon Hanssen.

Og det er som sagt forståelig at folk i regjeringspartia er sinte på Bjarne Håkon Hanssen.

For det første: Som SV-leiar Kristin Halvorsen har påpeikt, har Bjarne Håkon Hanssen fått betalt for å motarbeide si eiga regjering. Slikt er sjølvsagt uvant for SV-arar, som helst motarbeider si eiga regjering utan å få betalt for det.

For det andre: Bjarne Håkon Hanssen slutta som politikar og blei PR-rådgivar. Det er feil. Alle veit at folk som sluttar som politikarar, skal bli fylkesmenn.

For det tredje: Bjarne Håkon Hanssen meiner noko anna enn regjeringa i ei barnehagesak. Det er også feil. Eks-politikarar skal ikkje skifte meining, med mindre dei er Kåre Willoch.

For det fjerde: Bjarne Håkon Hanssen blir skulda for å ofre sine ideologiske overtydingar. Alle, spesielt i Senterpartiet og SV, veit at dersom ein skal ofre sine ideologiske overtydingar, så skal ein gjere det for ein plass i regjeringa, ikkje for ein plass utanfor regjeringa.

For det femte: Bjarne Håkon Hanssen jobbar no med kommunikasjon. Alle, spesielt i Ap, veit at kommunikasjon er livsfarlig. Berre sjå på Hardanger. Desse mastene var ikkje noko problem, før nokon kom på å kalle dei monstermaster. Då blei det eit helvete. Naturligvis. Det er ingen som er for monstermaster. Og det er nettopp slike sleipe råd desse kommunikasjonsfolka gir: «Bruk negative ord om ting du ikkje liker.» Slike utspekulerte triks er det heilt umulig å forsvare seg mot. Det er derfor, og berre derfor, Arbeidarpartiet taper på Hardanger-saka, fordi Arbeidarpartiet er så ubesudla av desse sleipe kommunikatorane. Hadde Ap vore like kyniske som sine motstandarar og søkt råd, hadde dei sjølvsagt vunne saka og folket ved å kalle mastene noko fint eller populært, for eksempel mønstermaster, kosemaster, rosemåla straum eller Andreas Thorkildsen. Men Ap driv ikkje med slikt. Ap er reint. Det er også derfor det kan gå så gale med tidligare Ap-politikarar i PR-bransjen. Ap-folk er så uvante med kommunikatorar at dei er heilt makteslause om det kjem ein telefon frå ein slik ein. No gjekk det greitt denne gongen. Regjeringa fekk lagt fram barnehageforslaget sitt, trass i at Bjarne Håkon Hanssen ringde ein AP-politikar. Det kunne gått verre. Neste gong kan det gå sånn:

-Hallo, dette er ein middels kjent AP-politikar på veg opp.

-Hei, det er Bjarne Håkon Hanssen som ri..

-Bjarne Håkon Hanssen? Den Bjarne Håkon Hanssen?

-Eh.. Eg ringer fordi…

-Å, du er så flink med ord.

-Eh.. Hæ?

-Nei, ikkje meir. Ikkje meir. Eg klarer det ikkje. Eg klarer ikkje stå imot. Eg gjer kva som helst.

-Men…

-Kva som helst, Bjarne. Eg gjer kva som helst for deg.

-Ok. Eg driv og planlegg femtiårsdagen til ein kompis frå Ap-tida og lurte på om…

-Vi tar det over kulturbudsjettet. Ingen problem.