Rekordtempo på humorserie

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NULL

– Det blir meir og meir populært å laga seriar for web. Det er dette som er den nye tingen, fortel Martens som no har laga ein parodi på introduksjonsvideoar på nett.
 
Den nye serien heiter «Ah, så det er sånn det er!» og tel sju episodar. Kvar fredag blir ein ny lagt ut på startsiden.no. Sist fredag var det premiere på første episode.
 
Ekstra vissvassete
Calle Hellevang-Larsen, kjend frå humortrioen i «Raske menn», har alle rollene i serien som held eit høgt tempo.
 
– Eg har komme fram til at eg snakkar om lag 10.000 ord på til saman 35 minuttar. I tillegg var det mykje på nordlandsk dialekt, då blir det jo ekstra vissvassete, seier skodespelaren til Kampanje.com.
 
Nett-tv-seriar har blitt populært dei siste åra. VG Nett har hatt størst suksess med seriar som «Fanthomas» og «Rikingen». Martens har skrive manus til den nye serien saman Karsten Fullu. Det tok ei stund før dei kom fram til den endelege versjonen.
 
– Me jobba ganske lenge med startsiden.no og grubla på korleis me skulle gjera det. Etter mange ulike idear landa me på ein serie som skal parodiera introduksjonsvideoar. Det blir sjukare og meir absurd etter kvart som ein kjem ut i episodane, fortel den utflytta stordabuen.
 
Martens har regissert reklamefilmar i ti år. Han har og gjort fleire humorinnspelingar for tv. I Sunnhordland er han mest kjent for den romantiske komedien «United» frå 2003.
 
Jobbar med spelefilm
– Den nye serien har hatt låge budsjett og er såleis lik å jobba med som seriar for tv. Å gjera reklamefilmar blir noko heilt anna, forklarar han.
 
Kvar episode av «Ah, så det er sånn det er!» er på rundt fem minuttar. Det er lengre enn vanlege seriar på nett.
 
– Me har spurt fleire om kor lenge dei følte serien varte, og dei fleste seier to og eit halvt minutt. Det er eit godt teikn.
 
Martens har jobba samen med Hellevang-Larsen i produksjonar på TVNorge og kjenner skodespelaren godt frå før.
 
– Me har god kjemi og då blir det lettare. Under innspeling har me hatt lite tid, men Calle har vore konsentrert og gjort ein flott jobb. Han er jo ein av Noregs beste komikarar. Det er ikkje lett å levera så mykje kvar dag, seier han.
 
Magnus Martens jobbar parallelt med ein ny spelefilm. Men han er ordknapp om det prosjektet.
 
– Det einaste eg kan seia i dag er at me byrjar innspelingar i oktober, seier han.