Kor stygt må det vere?

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NULL

Eg har finlese og finlytta til alle kommentarar om regjeringas handtering av Hardanger-opprøret, og det ser ut til at dei fleste er einige både om kva som eigentlig har skjedd og kva som sannsynligvis kjem til å skje vidare:

August:
Regjeringa kjem veljarane i møte i spørsmålet om kraftlinjer i Hardanger, og går inn for å sjå på dette med sjøkabel ein gong til. Ein stolt Jens Stoltenberg seier dette viser at regjeringa er i stand til å både leie og lytte.

Fleire av landets skarpaste politiske analytikarar påpeiker at det er liten vits i å gjere kloke politiske vedtak så lenge den ansvarlige statsråden sveittar som ein gris på pressekonferansen.

Meiningsmålingane viser at folket ikkje har latt seg imponere. Oppslutninga om dei raudgrøne er rekordlåg. I Hordaland er AP nede i tjue prosent.

SP og SV er nede i fire-fem, og kranglar om kven det er sin feil.

Samtidig kjem krav om sjøkabel frå heile landet, mellom anna frå folket i Blefsen kommune som ønsker å legge eit planlagt nytt kontorbygg i sentrum i kabel.
 
September:
Regjeringa gir etter for presset og bestemmer seg for å aldri meir gå inn for master av noko slag i område som er fine. Det blir sett i gang ei utgreiing for å finne ut om det finst plassar i Norge som er så stygge at det er greitt med master der. Ein stolt og fornøgd Jens Stoltenberg seier denne saka viser at regjeringa er i stand til å både styre og stelle.

Fleire av landets skarpaste politiske analytikarar seier at dette er eit klokt vedtak, men at det hjelp lite så lenge den ansvarlige statsråden fiklar med ein penn under pressekonferansen.

SV-leiar Kristin Halvorsen seier ho er glad for at regjeringa endelig gjer som ho vil, og ikkje høyrer på det forbanna svinet Liv Signe Navarsete som helst vi at heile Norge skal vere stygt.

Dagen etter seier dei begge at dette var ein vits.

Meiningsmålingane viser at folket ikkje har latt seg imponere. Oppslutninga om dei raudgrøne er rekordlåg. I Hordaland er AP nede i tolv prosent. SP og SV er nede i to. På deling.

I Befsen kommune er SV og SP nedlagt og AP har ei oppslutning på fire. Personar. Facebook-aksjonen «Vi som meiner det er urettferdig at Befsen kommune skal straffast berre fordi det er dritstygt her frå før» har derimot støtte frå nesten seksti tusen.

Oktober:
Regjeringa gir etter for presset og vedtek at det ikkje finst stygge plassar i Norge. Ein stolt og fornøgd Jens Stoltenberg seier denne saka viser at regjeringa er i stand til å både lese og skrive. Fleire av landets skarpaste politiske analytikarar påpeiker at den ansvarlige statsråden har begynt å sveitte igjen og bør gå av.

Meiningsmålingar viser at dei raudgrøne er i ferd med å forsvinne. I Befsen kommune er AP forbode.

November:
Den ansvarlige statsråden blir beden om å gå av. Eventuelt kjøpe seg ein deodorant. Ein stolt og fornøgd Jens Stoltenberg seier dette viser at regjeringa er i stand til å både tygge og tenke. Fleire av landets skarpaste politiske analytikarar påpeiker at Jens Stoltenberg har begynt å sveitte.

Desember:
Regjeringa går i oppløysing. Jens Stoltenberg kjøper deodorant.

 

Denne kommentaren stod først på trykk i Dagsavisen 16. august.