Planlegg politikarskule for unge

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NULL

Ideen om ein politikarskule er nyfødd på veksthuset i Kviteseid. Prosjektleiar Ole Dalen, regionrådsleiar Kjell Gunnar Heggenes, dagleg leiar i Vest-Telemark næringsutvikling Haldor Kaasin og regionordførar Anne-Nora Oma Dahle boblar over av kreative tankar rundt prosjektet «Politikar 2020». – Ideen er til no berre testa på ordførarane. Forma er ikkje lagt, men me vil jobbe med vidare ho, seier Kjell Gunnar Heggenes.

– Me har ein region med så mange flotte og flinke folk. Mange er engasjerte, men dei meiner ofte noko ved kjøkenbordet. Me ynskjer å lyfte debatten opp frå kjøkenbordet, argumenterer Anne-Nora Oma Dahle om bakgrunnen for ideen.  Rekruttskule Målet med prosjektet er å auke talet på unge i politikken, både på kommune- og fylkesnivå. Samstundes ynskjer dei å syte for ei ansvarleg og livskraftig retning innan buattraktivitet for kommunane og regionen framover. Det har vist seg at tradisjonell rekruttering har vanskar med å slå til, derfor meiner VTNU det kan vere nyttig å sjå om unge vaksne ser seg tent med å kombinere friviljuge verv med kompetanseheving og nye arbeidsmoglegheiter.

– Det er ein terskel å melde seg friviljug til politisk arbeid, seier Ole Dalen, som sjølv melde seg inn i politikken då han flytta til Vest-Telemark. Kort tid etter var han leiar av eit politisk parti. Dei fire ser mellom anna for seg at det blir etablert ein rekruttskule med studiepoeng for opplæring av unge vaksne rundt 30 år, men dei understrekar at ingen blir ekskluderte grunna alder. Skulen skal gje elevane kunnskap om påverkingskraft, ansvar, dei ulike politiske organa og administrasjonen av velferdssamfunnet. På skulen kan elevane også få tilgang til nettverk innan dei politiske nivåa, slik at ein kan få ein best mogleg start på ei eventuell politisk karriere. Det er ikkje tenkt noko lokalisering av skulen, men kan hende er internett ei aktuell løysing.

– Det blir eit foredla samfunnsfag, smiler Kjell Gunnar Heggenes.

Rollemodellar og mentorar

Dei ser også for seg ei ordning med rollemodellar; erfarne politikar som kan bidra i skoleringa. Ei personleg mentorordning for dei som blir valt inn i kommunestyre eller fylkesting der dei unge kan hente råd og spørje ein erfaren politikar om ulike saker, er også blant det som er skissert i ideen «Politikar 2020».

– Me trur på framtida i Vest-Telemark. Framtidas region, no også med politikarskule, seier Ole Dalen med eit stort smil.

– Partia køyrer sine eigne løp, og gjer ein veldig god jobb. Dette prosjektet skal ikkje konkurrere mot tradisjonell politikaropplæring i partia, seier Oma Dahle. Ho er opptatt av å avlive ein del myter kring politikk.

– Det er ikkje slik at ein brukar alle kveldane på politikk. Ein har fri, og det er nok av moglegheiter for å finne gode løysingar slik at fleire kan engasjere seg i politikk, meiner regionordføraren og trekkjer fram at hennar politiske gruppe ofte brukar internettelefonien Skype når dei skal ha møte.

Pilotprosjekt?

Dei meiner det er viktig å tenkje langsiktig. Målet er mellom anna at det skal vere fleire unge politikarar å velje i på listene til kommune- og fylkesval. Dei er opptatt av å ikkje trakke nokon på tærne. Om nokon har kome med ideen før, er dette heilt greitt, og då vil dei dra nytte av det. Men om det ikkje er tilfelle, ynskjer dei at prosjektet i Vest-Telemark kan bli eit pilotprosjekt.

– Me håpar dette vil fengje og kan vere med å setje regionen på kartet, seier Kjell Gunnar Heggenes.

– Ein politikarskule vil ikkje berre vere for dei som ynskjer å bli politikarar, men vil også vere ein god ballast å ha med seg på CVen. Til dømes om ein skal jobbe i kommuneadministrasjon, er dette relevant utdanning, seier Dalen.

Tanken er at prosjektet «Politikar 2020» skal auke rekrutteringa av unge innbyggjarar til engasjement og aktiv deltaking i lokalpolitikken.

 

LES SAKA i Vest-Telemark Blad!