Eit oppmuntrande dikt til både folk og tre når dagane blir kaldare og mørkare.

Framtida
Publisert
Oppdatert 07.11.2017 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Du kan sleppe

Du kan sleppe å springe i store sko
sliten og støl
Sleppe å ha på deg sko i det heile

Du kan sleppe å teie om tøffe ting
tårer og tap
Sleppe å tøyse bort blytunge tankar

Du kan sleppe å stadig vere så sterk
smidig og sunn
Sleppe å spinne i oppbrukt sjanger

Tida kan gjere alle dei tryggjande, men tyngjande blada dine
om til ein fargesprakande og uforgløymeleg fanfare
om berre du   losnar på    grepa
om    berre du          godtek
at    du er    eit     lauvtre
at
du
kan

sleppe
viss
du
vil

Det
er
jo
haust

no
Det   er            jo     dine                                   blad