Det er så mange reglar

Framtida
Publisert
Oppdatert 06.11.2017 12:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Foto: StockxhangeEin gong var kona mi og eg invitert i 1-årsdag. Det var dottera til ein kompis av meg som fylte år. Det var kjekt. Vi gleda oss, ikkje minst til å få ete kake. La oss vere ærlege.

Og det var høg stemning da vi ankom. Venen min, Sigbjørn, var i kjempehumør og i full gang med å dekke stuebordet. Han kosta på seg ein av dei meir forslitte vitsane – ”Slå dykk ned før eg gjer det” – før vi åla oss på plass i sofaen, nesten like klare som 1-åringen i barnestolen ved sidan av, ute på kjøkkenet hørte vi hørte kona hans plystre, ho var også i perlehumør.

I alle fall til ho kom ut på stua. Da stivna smilet hennar.

– Neimen, Sigbjørn, sukka ho så. – Vi skal da ikkje ha kvardagsservicet i dag! Vi skal jo ha p-o-r-s-e-l-e-n-s-servicet.

Og der sto den nemnte Sigbjørn tafatt tilbake, framleis med kvardagsasjetten i handa, mens han slapp frå seg følgjande hjartesukkk:

– Det er så mange reglar!

Nemleg. Spikaren på hovudet. Det sosiale livet, både til kvardags og fest, har mang ei utfordring og felle på lur. Det finst tusenvis av reglar om korleis ein skal te seg i ymse samanhengar. Og betre blir det ikkje av at mange trur du kjenner dei.

Men det er langt frå sikkert. Særleg når du kjem frå ein fjordarm på Nord-Vestlandet, slik som eg (og venen min Sigbjørn). Desse sosiale kodane, eller etikette om du vil, er ein sjølvsagt ting i høgare kretsar. Så har dette noko med klasse å gjere? tenker du no. Vel, tradisjonelt er det nok slik: I adel- og overklassen i byar (i den grad vi har ein slik i Noreg) får dei kutyme inn med morsmjølka.

Wilhelmane frå Oslo vest veit sånn om lag ved 7 månaders alder kva det vil seie å kle seg i ”mørk dress” – og ikkje minst kva slags sko som høyrer til ein slik kode. Dette er nemleg ikkje så enkelt som det høyrest ut. Berre les kva som står om dette på nettsida ”Skikk og bruk” (av forfattaren Erik Lundesgaard):

”Det er en klassisk regel at menn skal ha brune sko før og svarte sko etter klokken seks. Men som de aller fleste regler skal den ikke nødvendigvis følges slavisk.”

Puh! Det var jo verkeleg ein lette. Særleg fint for dei som både har brune og svarte finsko, tenker eg vidare. For eg må berre innrømme det først som sist: Eg er så visst ikkje dreven i dette gamet. Og for å vere enda meir ærleg, gir eg litt faen òg. Eg skulle gjerne hatt på meg brune sko etter klokka seks om det irriterte Erik Lundesgaard ein smule. Større er eg ikkje.

Men likevel: Det er ikkje fritt for at mi manglande danning har fått meg til å råsveitte ved meir enn eitt høve. For eksempel omtrent kvar gong eg et middag hos svigermor. Er det eit menneske som veit mykje om desse tinga, er det ergerleg nok henne. Og er eg i middagsselskap saman med henne, treng eg ikkje meir enn å løfte ein gaffel for å kjenne tvilen gnage: ”Hm … gjer eg noko feil no?”

Det er noko med kva ein lærer seg – og ikkje lærer seg. Eg kan til dømes ikkje stryke skjorter. Er 100 % håplaus. Svigermor tok meg derfor i lære ein gong. Ho viste meg (svært tålmodig, det skal ho ha) korleis ein dampar skjorter, legg blaute hånddukar over pressen på dressbukser osv. osv.

Til slutt lèt ho meg sleppe til på eiga hand. Eg sto der og strauk ei kvitskjorte til ein bryllupsfest neste dag. Kjente nesten at eg fekk dreisen på det. Endeleg! tenkte eg. No kan eg minsanten stryke skjortene mine sjølv – i ein alder av 37! Det var nesten til å slå stiften av. Dette gjekk som ein draum!

Men akkurat da skar eit hyl gjennom huset.

– NEEEEEEEEEEEIIIIIIIIIIIIIIIIIIIIIIII!!!!!!!!!!!!!!!!!!

Hjartet mitt hoppa to meter. Minst. Eg bråsnudde meg. Trudde eit eller fleire familiemedlem hadde forulykka på grusomste vis. Minst. Og der ser eg svigermor kome springande, som i slow motion, mens munnen hennar opnar seg, held fram med å rope:

– SLEPP STRYKEJARNET!!!

Med strykejarnet trygt tilbake på plass, kunne ho andpusten fullføre:

– Du må ALDRI stryke skjortekragen med brett!!!

Nei, enkelt er det ikkje, dette med sosiale kodar. Ikkje eingong det å prate med nokon i selskap er for pyser. Berre hør kva ein ikkje skal samtale om, framleis ifølgje skikk & bruk-Lundesgaard (under punkt 21 i kapitlet ”Selskapslivets etikette”):

”Konversasjon. Unngå i så stor grad som mulig følgende temaer:
a) Idrett (får deg og andre til å virke uintelligente).
b) Egne og andres sykdommer, fordøyelsesvansker og (særlig) detaljer fra operasjoner.
c) Eiendomsmarkedet, investeringer og oppussing.
d) Dietter, slanking og new age. B-sider på gamle vinylplater.
e) Politikk eller religion, dersom bordsammensetningen er potensielt eksplosiv. (eks. Hege Storhaug/Mulla Krekar)
f) Vitser. Maksimalt én pr person. Unngå rasistiske og kjønns/legningsdiskriminerende, samt vitser om svensker og/eller Viagra.
g) Sex? Denne er vanskelig. Hvis man kan være generell og morsom: jo. Ditt eget sexliv: absolutt ikke. Det er ikke alle som har lyst til å forestille seg hvordan du/dere har sex, eller se det.”

Kva står igjen da? Kva i alle dagar skal ein snakke om i selskap, Erik Lundesgaard? Når ein har fortalt den eine vitsen ein har lov til å fortelje? Når ein er ein smule nerdete av legning og har lyst til å fortelje om B-sidene på gamle vinylplater? Og kven snakkar ikkje om eiendomsmarkedet no for tida, Erik Lundesgaard? ALLE snakkar om eiendomsmarkedet no for tida.

Faen, altså. Det er mest så eg får lyst til å reise frå hovudstaden, heim til fjordarma på Nord-Vestlandet, og først furte i nokre uker – før eg begynner å bli sosial igjen, går i eit retteleg bøgdabrullaup, slår meir enn ein vits, breier meg ut i detalj om både eigne og andre sine sjukdommar og nitide detaljar frå desses operasjonar og sexliv, og ikkje minst snakkar om idrett – slik alle, absolutt alle, gjer der eg kjem frå. Og kvifor skulle vi ikkje gjere det? Om vi likar det, meiner eg?

No er eg komen skikkeleg på gli, merkar eg. No skal eg søren meg ta opp ein av mine kjepphestar. Danning, skikk og bruk. Greitt nok. Men er det no sikkert at folk frå hovudstaden kan sin etikette ut og inn?

NEI! Og her er vi ved mitt kroneksempel: Folk frå Oslo er nemleg ikkje så høflege som folk frå landsbygda. Ta til dømes etikette på T-banen. Kven andre enn Oslo-folk brøytar seg inn på T-banen før dei andre har kome seg ut? Kven snik i køar? Kven albogar seg fram i ei menneskemengde utan å seie ”unnskyld”?

Du kan dra langt ut på landet med skikk & bruken din, Lundesgaard. Men der er vi i alle fall høflege. Viss du ser nokon vente på T-banestasjonen i Oslo heilt til alle er gått ut av vogna, vil eg vedde 100 kroner på at denne personen er frå landet. Da kan du sitje der med dei brune skoa dine (for klokka er vel ikkje meir enn 15.00) så mykje du vil.

For høfleg er du ikkje, kjære Oslo-bebuar. Der slår vi dykk lett, vi frå landet. Vi står nok med lua i handa, og vi veit ikkje kva for bestikk vi skal bruke. Men vi skryt ikkje i det minste. Ei viss danning har vi, trass i alt.