Valfag i frivillig arbeid
Elevar ynskjer å gjere ein innsats for nokon som treng hjelp.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Viktoria Gustavson, Jona Petrikke Løseth og Ingeborg Brudevoll håpar på forslag til frivillige arbeid som elevane kan hjelpe til med.
Dei tre jentene frå 9.-klasse ved Ulstein ungdomsskule er nokre av elevane som i år tek valfaget «Innsats for andre».
– Det er berre å ta kontakt dersom det er noko vi kan hjelpe til med. Vi kan eigentleg gjere det meste, nesten alt, og vi kan hjelpe bedrifter også om det er noko dei har behov for hjelp til, fortel Jona Petrikke Løseth.
Viktoria Gustavson fortel at elevane kan halde på med alle aldersgrupper, og dei tre jentene seier at dei mellom anna har hjelpt til i barnehagar, på barneskule og på Ulshaugen.
– Og vi har tenkt å byrje med innsamling av pengar til leiker for barn på asylmottaket, seier Ingeborg Brudevoll.
Får kunnskap om frivillig arbeid
Gustavson fortel at jentene går ut med informasjonen, slik at fleire i Ulstein skal få vite om tilbodet. For personar eller bedrifter som kan vere interesserte i ei hjelpande hand, så fortel jentene at ein må ta kontakt med Ulstein ungdomsskule og Evy Hide Vattøy, som er ansvarleg for faget.
– Vi har ei 70 minutts økt i veka, men kan og gjere arbeid utanom dette, som elevane får avspasering for seinare, fortel Viktoria Gustavson.
I fylgje ungdomsskuleelevane er det likevel greiast dersom arbeidet som skal gjerast passar inn i skuletida.
Jentene fortel at det er om lag 18 elevar som har valfaget «Innsats for andre», som varer ut skuleåret.
– Vi får hjelpe andre og gjere ein innsats, fortel Gustavson.
Jona Petrikke Løseth fortel at ho syntest valfaget hørtes både interessant, gøy og lærerikt ut, og at det var difor ho ynskte å ha det.
– Og så får vi prøve ut mykje forskjellig, legg Ingeborg Brudevoll til, medan Løseth meiner elevane får sett kva dei er flinke til.
Faget «Innsats for andre» skal ifølgje Utdanningsdirektoratet hjelpe elevane til mellom anna å få kunnskap om frivillig arbeid, samt behovet for frivillig arbeid i eige nærmiljø.
Elevane kan gje elevane mogelegheita til å verte kjende med planlegging og iverksetjing av tiltak for menneske som har behov for det, og verte verdsette for innsatsen elevane gjer.