Visste ikkje at dei skal stemma

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gol stikk seg ut på lista over kommunar som skal testa ut stemmerett for 16-åringar neste haust. Ungdomsrådet vil ikkje vera med på forsøket, og ordføraren sendte søknad utan å spørja nokon andre enn ein avdelingsleiar.

Ved kommune- og fylkestingsvalet i 2015 vil det bli gjort eit nytt forsøk med stemmerett for 16-åringar, etter første runde i 2011. 20 kommunar er med, og av desse har ti av kommunane ikkje vore med på forsøket før. Blant dei er Gol kommune.

LES OGSÅ: Ikkje alle vil ha stemmerett

Ungdommen vil ikkje
Men det hadde ikkje Ungdomsrådet, som tidlegare i år stemte over saka og sa nei, fått beskjed om. Dei var klar over søknaden, men ikkje at Gol faktisk skulle vera med – dei trudde ikkje det skulle bli noko av.

Samtalen med PR-ansvarleg for Gol Ungdomsråd, Christian Hvatum, gjekk omtrent som dette:

CH: Det var eit stort fleirtal mot, men mange såg det som eit positivt forsøk. Men diverre, kan ein sei, gjekk ikkje den saka gjennom. Det gjorde at 16-åringane i Gol ikkje får stemma ved neste val.

Framtida: Men, dei får det. Dei står på lista.

Etter ein kort tenkepause, og bekrefting av at Gol faktisk står på lista til Kommunal- og moderniseringsdepartementet, held samtalen fram.

CH: Eg vart eigentleg litt overraska. For ungdommen som er interessert i politikk her i Gol er det jo bra. Men me i ungdomsrådet stemte ned saka.

Framtida: Føler de at de ikkje har det gjennomslaget de burde ha?

CH: Eg føler kanskje det, ja. Eg får ta ein telefon til ordføraren etterpå.

LES OGSÅ: Slik kan Vestlandsuniversitetet bli

Til ordføraren
Det gjorde me òg. Ordføraren forklarar at situasjonen ikkje er heilt som den virkar.

– Her har vår kommune søkt og blitt tatt ut. Det me skal gjera no, er å velsigna at me faktisk takkar ja. Det som er pussig er at Ungdomsrådet ikkje tykte det var ein god idé, seier Hallvor Lilleslett (V), ordførar i Gol, umiddelbart.

Med andre ord – det er ikkje heilt sikkert at Gol i det heile skal vera med på forsøket til neste år. Han fortel at kommunestyret enno ikkje har sagt endeleg ja til å vera med på forsøket, men at han sendte inn søknaden likevel.

– Av og til tykkjer eg det er greiast å berre hoppa ut i det, og heller be om tilgjeving etterpå, seier Lilleslett.

LES OGSÅ: Fallos på Moster

Trudde dei hadde det travelt
Ungdomsrådet fekk først informasjon om søknaden etter den var sendt inn, og det var då dei sa nei. Lilleslett legg til at det jo ikkje er ungdomsrådet som faktisk bestemmer om Gol skal vera med eller ikkje – det skal kommunestyret ta stilling til i starten av oktober.

Men stemmene til ungdommen skal bli høyrt i Gol, er tanken.

– Me er opptekne av Ungdomsrådet, men dei vart ikkje informert på førehand. Me trudde me hadde det meir travelt enn me hadde, og me burde informert ungdomsrådet om søknaden. Det kan eg ta sjølvkritikk på, det vart rett og slett gløymd, seier Lilleslett.

Om ei halvanna veke skal ordføraren møta Ungdomsrådet, for å høyra meir om kvifor dei meiner stemmerett for 16-åringar er ein dårleg idé.

LES OGSÅ: Ny låt frå Side Brok

Skuffa
Christian Hvatum i Ungdomsrådet er klar for å møta ordføraren – det er ikkje nokon grunn til å bli uvener, seier han.

– Det at Ungdomsrådet ikkje har fått beskjed om at han fekk godkjend søknaden er eg litt skuffa over. Men eg er glad for at han tek sjølvkritikk for det.

LES OGSÅ: Ebola hindrar hjelp