Vinn fram med folkemusikken

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I konkurranse med 95 ungdomsbedrifter frå 22 vidaregåande skular gjekk Folkelokk UB frå Odda heilt til topps i fylkeskonkurransen. Dei vann seks ulike klassar, fekk ein 2. plass og skal til NM for ungdomsbedrifter på Lillestrøm i slutten av april. Folkelokk UB tilbyr underholdning i form av folkemusikk og folkedans på oppdrag frå bedrifter og privatpersonar.

– Det var veldig overraskande. Spesielt at me blei best og vann så mange prisar. Veldig kjekt, seier Eirin Tjoflot, personalsjef i Folkelokk UB.

Ho driv Folkelokk saman med Margit Kvalvik og Aurora Aarhus Opheim som ho går saman med på sisteåret ved Odda vidaregåande skule.

LES OGSÅ: Held fast på tradisjonane

Mange jobbtilbod
Jentene er på veg til eit oppdrag på ein konferanse i Grieghallen i Bergen når Framtida.no ringjer dei. Onsdag kveld var dei Odda kommunestyre. Jobbane strøymer på.

– Det hadde nok blitt meir viss me ikkje gjekk på skulen, seier Eirin Tjoflot.

Dei unge gründerane har mellom anna avtale om å spela og syngja på eldreinstitusjonar i Odda og Ullensvang.

– Det er veldig kjekt å sjå kor glade folk blir. Me har fått mange positive tilbakemeldingar, seier ho.

Dessutan vil dei førebu seg godt til NM-finalen i Lillestrøm seinare i vår.

– Korleis kom de på å laga Folkelokk som ei ungdomsbedrift?

– Me er tre gode venninner frå Ullensvang. Eg og Aurora har spelt hardingfele i sju år. Margit syng og dansar. Me hadde lyst til å laga ei bedrift der me visste kva me driv med – og hadde lyst til å driva med det. Då blei det Folkelokk.

– Det er ein styrke at me kjenner kvarandre så godt. Me vann også prisen for årets seljarteam, og det er eit bevis på at me fungerer godt som ei gruppe, seier Eirin glad.

Odda vidaregåande er kjent for å vera gode entreprenørskap, noko Eirin stadfestar. Fleire tidlegare ungdomsbedrifter har nådd langt i nasjonal samanheng.

LES OGSÅ: – Folk må utsetjast for ny musikk

Friskt pust for folkemusikken
– Kva er drøymejobben?

– Det er eit vanskeleg spørsmål. Me veit i alle fall at Folkelokk er ei lønsam bedrift, og at me eventuelt kan driva med det på heiltid. Me har sett at det er ein stor marknad for det me driv med.

– På heimesidene dykkar skriv de at de vil få folk til å gløyma dei trauste assosiasjonane dei koplar til folkemusikken. Korleis vil de gjera det?

– Me er tre veldig positive jenter som vil gi folkemusikken eit friskt pust med eit ungt uttrykk. Me har lyst til å koma ut til folket med musikken vår. Me gjer kanskje slåttane litt raskare enn andre. Dessutan har me med både gitar og song til fela, og eit variert program. Mange seier dei har fått gode opplevingar med musikken vår, fortel Eirin Tjoflot.

– Kva meiner du om framtida til folkemusikken?

– Den ser veldig bra ut. Folkemusikken har fått større plass i musikkulturen. Fleire artistar seier no dei tek utgangspunkt i folkemusikken – til dømes Bigbang og Odd Nordstoga.

LES OGSÅ: Nyforelska i folkemusikken

– Kva gjer de til hausten?

– Me har diskutert om me skal ta eit friår, der me både jobbar med oppdrag og får reist litt rundt i verda, seier ho.

– Så de er så gode venninner at de bestemmer dykk i lag?

– Ja, planen er å reisa i lag, ler Eirin Tjoflot på telefon på veg til oppdraget i Bergen.